Tusen turar til toppen
Mange vil meine det er meir enn nok Jon Ingebretsen i Vest-Telemark Blad. Me ber likevel om respekt for dette: I morgon går sekstifireåringen tur nummer tusen til topps på Gaustatoppen.
Med det når «naturrettleiaren», som han gjerne kallar seg, ein milestolpe få kan matche om nokon. Som turfølgje på tusenturen har han Telemark Venstre. Og bli ikkje overraska, høyr her: Kviteseid Venstre, med leiar Jon Ingebretsen, har teke initiativet til turen «Bli med Venstre til topps i Telemark» det er knapt meint som eit politisk mål
For å markere at me både har eit friluftsår og eit stortingsval i år, forklarar Jon, og innser at Venstre er langt frå gamle høgder som leiande politisk parti.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han slår fast at det er reint tilfeldig at nettopp turen med Venstre blir hans eigen tur nummer tusen. Turfølgjet i morgon har ein kjentmann som gjev liten grunn til uro for å finne fram og heim att.
Kongen i fjellheimen
For Jon Ingebretsen er Gaustatoppen meir enn eit fjell. «Kongen i Telemarks vakre fjellheim» er ein personleg ven.
Du får eit heilt spesielt ansvarsfullt og respektfullt forhold, kjærleik og omsorg for ein fjellnatur du kjenner så godt, og som har gitt deg så mange fine opplevingar og hendingar gjennom alle desse åra. Det var derfor heilt naturleg og nødvendig for meg no i seinare tid å ta initiativet til samarbeidsforumet Gaustatoppens Venner, seier Jon, engasjert og frimodig.
50 års «samliv»
Jon gjev oss glimt frå eit langt «samliv» med Gaustatoppen:
Av desse mange turane gjennom dei siste 50 åra er om lag fjerdeparten skiturar frå Bitringsnatten eller Svineroi, eller frå andre stader mellom desse når bilvegen har blitt opna etter vinterstenginga. Fotturane har vore opp til toppen frå mange kantar frå Flistjønnskaret, frå Stavsro, frå Langefonn, frå Svineroi, heilt frå Rjukan, opp nordvest-ryggen, eller frå Gausdalen.
Dei fleste gongene, til alle årstider, har turane gått vidare frå turisthytta og tårnet, bort til høgste toppunktet. Ein har ikkje vore til topps på Gausta utan å ha gått bortetter den fascinerande eggen til sjølve toppen.
Når lufta dirrar
Eg har vore på toppen ved dag og ved natt, i storm og stille, i tjukk tåke og regn, og i blikkstille vêr med steikande sol frå ein skyfri himmel. Men også i torevêr når lufta dirrar og håret står rett til vers i spenningsfeltet. Det er det farlegaste vêret du kan vera i der oppe, må eg vedgå.
Ei av dei mest spesielle opplevingane var da eg som unggut feira ei stjerneklar nyttårsnatt på Gaustatoppen heilt aleine og under open himmel. Elles var den fine seinhaustdagen, da ein mektig kronhjort dukka opp mellom steinane på toppen medan eg sat og åt nista mi, ei overraskande og fin hending eg aldri gløymer. Det same gjeld sjølvsagt også turane i ekstremt uvêr, eller det motsette med solskin, skyfri himmel, blikkstille vêr, insektsurr og eit bølgjande og blenkjande tåkehav under ein ut i alle horisontar.
Artikkelen held fram under annonsen.
På frostrima steinar
Av desse snart tusen turane er det bare ein gong uhellet har vore ute. Det var da eg på tur bortetter eggen på ein av mine aller fyrste turar sklei på frostrima steinar og fall og slo meg så blodspruten sto. Men ikkje verre enn at eg kom meg på beina og fortsette turen.
Og så var det den gongen eg måtte melde pass fordi eg plutseleg blei sjuk da eg var klar til å starte turen til topps. Da enda turen på Notodden sjukehus i staden for på Gaustatoppen. Det er den einaste skikkelege «nedturen» eg har hatt blant dei mange gongene på tur til dette unike fjellet.
Best på beina
Jon har til no ikkje teke tunnelbanen til topps. Så lenge ein orkar å gå, er det best å bruke beina, meiner han. Men han har ikkje tenkt å gje seg med toppturar. Og kanskje ein dag:
Det kan nok hende eg tyr til banen når kroppen ein gong seier frå at no har du gått til topps mange nok gonger.