Mindre kroppspress – færre psykiske plager
Ungdomen i Vinje er mindre opptekne av klede og utsjånad enn gjennomsnittet i Telemark, og jenter frå Vinje har færre psykiske plager enn jenter elles i fylket og landet.
Men å drikke alkohol gjev høgare status blant Vinje-ungdomen enn i Telemark generelt. Mange veit heller ikkje om dei får lov av foreldra sine å drikke eller ikkje.
Fekk noko å tenke på
– Det me sit att med etter i dag, er at alt har konsekvensar. Det er noko me ikkje tenkjer så mykje på til dagleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er vurderinga frå fem Haukeli-jenter, klare for siste etappe i opplegget «Oppvekst – kor vanskeleg kan det vera?». Torsdag førre veke var alle ungdomsskulane i Vinje samla på Vinjehuset for å snakke om korleis Vinje-ungdomen har det, om handlingar og konsekvensar – og om korleis ulike delar av hjernen får oss til å ta kloke og mindre kloke val.
Bakgrunnen for dagen var Ung i Telemark-undersøkinga. Der kom det fram at ungdomen i Noreg, Telemark og Vinje generelt har det bra og oppfører seg bra – sannsynlegvis betre enn nokon gong, faktisk.
Handlingar kan få enorme konsekvensar
Men det tyder ikkje at det ikkje finst utfordringar å førebyggje og løyse. Ein del av dagen var sett av til lensmann Trond Neri Flothyl, som nytta høvet til å snakke om konsekvensar av handlingar, og korleis kvar og ein kan bidra til eit trygt og godt samfunn.
– Konsekvensane av ei handling er ikkje det same som straff. Konsekvensen av at du fyllekøyrer er ikkje at du mistar lappen – men øydelagde liv, dødsfall, skadar, depresjon, gjeld … , forklarer Flothyl.
Han er oppteken av å ha eit positivt fokus, og skrytte av dagens ungdom.
– Dei er veldig flinke og kan veldig mykje. Då er det er viktig at dei også er gode medmenneske og bidreg til at andre har det bra. At dei fylgjer med og plukkar opp signal om at noko kan vera gale. Politiet kan ikkje gjera den jobben åleine, seier lensmannen.
Dei fem Haukeli-jentene hadde bite seg merke i det som blei sagt om ulovleg køyring.
– Mange foreldre bryr seg ikkje om det. Det er mange ungdomar som køyrer ulovleg. Det er køyring mange er interesserte i og synest er moro, seier dei – som syntest det var bra å snakke om konsekvensane handlingar kan få.
Artikkelen held fram under annonsen.
Funn om Vinje-ungdomen:
Konsekvensar snakka også Geir Møller om. Han arbeider ved KoRus Sør (kompetansesenter for rus), og har analysert funna i Ung i Telemark-undersøkinga. Han gjekk også gjennom nokre av funna der Vinje-ungdomen peika seg ut i forhold til snittet i Telemark:
– Vinje-ungdomen et sunnare enn snittet. Rektor ved Edland skule, Heidi Hylland, peikar på gratis skulemat til alle elevane i Vinje som hovudårsak til dette.
– Dei ermindre fysisk aktive enn gjennomsnittet.
– Ungdom i Vinjedrikk meir alkohol enn snittet i Telemark. Fleire i Vinje enn i Telemark elles meiner også at det gjev auka status å drikke seg full. 68 prosent i Telemark meiner det minkar statusen å drikke seg full, og 52 prosent i Vinje meiner det same.
– Å vera flink på skulen gjev mindre status i Vinje enn i Telemark generelt. Mange Vinje-ungdomar svarar atdet ikkje betyr noko for statusen å vera flink på skulen, og Møller peika på at det kan påverke motivasjonen for vidaregåande skulegang.
–Utsjånad og moteriktige klede er også mindre viktig for status blant ungdomar i Vinje enn det er generelt. Møller skrytte av Vinje-ungdomen på dette punktet og oppmoda dei til å halde fram med å ha låge skuldrar her. I Grenland, Tønsberg og mange andre stader driv jentene og stressar kvarandre opp fordi dei skal vera så fine og flotte, og det er ikkje bra. Her ser det ut som Vinje er betre rusta, meinte Møller. Generelt i Telemark og landet er det langt fleire jenter enn gutar som svarar at dei slit med fleire ulike psykiske plager.
– Det er ogsåmarkant færre jenter som slit med større psykiske plager i Vinje enn gjennomsnittet. Det kan ha ein samanheng med punktet over, sa Møller.
–Foreldra til ungdomen i Vinje er meir liberale med alkoholreglane enn foreldre andre stader. Det påverkar alkoholdebutalderen, som er lågare i Vinje. Mange elevar svarte også atdei ikkje veit om dei får lov av foreldra til å drikke alkohol eller ikkje. – Det synest eg de skal heim og spørje om, sa Møller til ungdomane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er noko meir regelbrot (slåssing, tjuveri, skadeverk) blant elevane i Vinje enn Telemark elles.
Dagen på Vinjehuset for ungdomsskuleelevane og eit tilsvarande opplegg for foreldre og alle andre på kveldstid var det SLT-samarbeidet som stod bak. SLT tyder samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak og er eit samarbeid mellom politi, kultur, NAV, Helse, barnevern, skular og barnehagar for å førebygge kriminalitet, rus, vald og ekstremisme.
Reptilhjernen, kjenslehjernen og den fornuftige hjernen:
Kva har det å seie for bilkøyring og fråfall?
Er det skilnad på kva delar av hjernen unge gutar og unge jenter brukar? Ja, ofte er det det, fortalte Geir Møller ungdomane.
Han forklarte om desse tre delane av hjernen vår:
– Reptilhjernen – impulshjernen, som til dømes fortel oss at me må stikke av når det er fare på ferde.
– Det limbiske systemet – «kjenslehjernen».
– Den tenkande, reflekterande delen av hjernen – såkalla «prefrontal cortex».
Generelt brukar ungdom kjenslehjernen meir enn vaksne gjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og gutane er dei som oftast let kjenslehjernen styre heller enn fornuftshjernen. Difor er unge menn sterkt overrepresenterte på statistikken over bilulykker. Gleda over å køyre fort overskyggar ofte fornufta.
– I hjernen til unge menn vinn ofte kjenslene over dei rasjonelle vurderingane. Det leier risikosøkande bilførarar inn i ulykker, fortalde Møller.
Han fortalde om ei undersøking der ein målte åtferda til jenter og gutar i eit ljosregulert vegkryss i eit spel – kva gjer dei når dei får gult ljos? Gutane køyrde på gult sjølv om dei visste at det då var fare for at dei kunne kræsje – men dersom dei ikkje gjorde det, ville dei kome fram nokre sekundar fortare.
Fleire av jentene venta dei ekstra sekundane på at det skulle bli grønt att.
Møller trekte også liner til å droppe ut av vidaregåande, og kronikken til André Askeland, som droppa å ta eksamen på vidaregåande: «Du som er dødsens umotivert på skolen og vil slutte. Nå skal du høre på meg.» Der skriv han om kor dumt valet om å droppe å fullføre vidaregåandefaga sine var, og at ein i staden for å gje opp heller burde gjera alt ein kan for å få ein 2-er.
Kjenslehjernen vil ofte velje minste motstands veg – men som regel kan det vera smart å ta ein runde innom «prefrontal cortex» før ein tek eit val eller gjer ei handling.
– Oppmodinga er: Bruk fornuftshjernen, sa Møller til Vinje-ungdomen.
---
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange ungdomar i Vinje seierdei får frie tøyler av foreldra til å køyre som dei vil, skreiv VTB i den fyrste omtala av Ungdata-undersøkinga, 13. juni 2015.
VTB 5. november 2015: – Mange veks opp utan respekt for lov og orden