Det ballar på seg med barn på Kyrkjebygda oppvekstsenter, noko som snart kan ende i at bygget blir utvida for femte gong.
Det ballar på seg med barn på Kyrkjebygda oppvekstsenter, noko som snart kan ende i at bygget blir utvida for femte gong.

Oppvekstsenter kan få tilbygg

Aukande barnetal i Nissedal er ei utfordring for oppvekstsenteret i bygda.

Eit samrøystes Nissedal kommunestyre har i ei seint innkome sak til møtet sist torsdag vedteke å be prosjekterings- og byggjenemnda (formannskapsmedlemene) sjå på framtidige behov for barnehagen og skulen i Kyrkjebygda. Nemnda innstiller til kommunestyret framtidig løysing og økonomiske behov.

Det blir løyvd 100 000 kroner til arkitekt/konsulentbistand til utgreiingsarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå er det 22 elevar, 17 barn i skulefritidsordninga og 14 unge i barnehagen ved Kyrkjebygda oppvekstsenter – i ein bygningsmasse som er bygd på fire gonger.

Snart buset to barnerike flyktningfamiliar frå Syria seg i Kyrkjebygda. Det kjem sju barn frå eitt til ni år. Ei anna utfordring for oppvekstsenteret er at tre norske barn står på venteliste for barnehageplass utpå nyåret. Derfor er det behov for å gjere noko med arealet i senteret.

Om kommunen ynsker å leige brakkerigg til barnehagebruk for ein periode, vil det koste opp mot ein halv million kroner. Rådmannen meiner at som eit alternativ bør ein putte pengane inn i omgjering av oppvekstsenteret.

Nå i fyrste omgang bed kommunestyret rådmannen organisere bruk av eksisterande bygningsmasse i senteret i samarbeid med idrettslaget, bygdekvinnelaget og helselaget. Det for å kunne etablere eit optimalt skule- og barnehagetilbod innan rimeleg tid etter at flyktningane har kome.

Dei tre laga disponerer underetasjen på oppvekstsenteret, og har vist stor velvilje med å finne løysingar som er gode for båe partar.

– Dette er ei gladsak. Eg håpar me får fortgang i utgreiinga, sa Ian Parry-Jones (Sp) som einaste kommentar før ordføraren klubba tilrådinga frå rådmannen.