Betre karakterar med nynorsk i skulen
Forskingsprosjektet som lingvisten Øystein Alexander Vangsnes arbeider med ved Universitetet i Tromsø, prøver å få endeleg svar på kvifor elevar i grunnskulen med nynorsk opplæringsspråk, ut frå faktiske offisielle statistikkar, får betre karakterar på nasjonale prøver enn elevar i bokmålsskular som det er naturleg å samanlikne med. Vidare prøver han å finne endeleg forklaring på kvifor elevar i vidaregåande skule i nynorskfylket Sogn og Fjordane, ut frå offisiell statistikk, gjer det betre enn elevar ved vidaregåande skular i utvalde bokmålsfylke. Dette gjeld ikkje berre i norsk, men og i andre fag som engelsk og matematikk.
Når det gjeld karakterar i grunnskulen, er det eksakte statistiske opplysningar som ligg til grunn. Det same er tilfelle med karakternivået i vidaregåande skulen. Begge kategoriar gjeld geografiske område som det er naturleg å samanlikne med ut frå samansetjing av folkesetnaden sosialt og økonomisk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når det gjeld definisjonen av kva som er sjølvstendig språk, så meiner dei som arbeider med forskingsprosjektet at nynorsk og bokmål er å sjå på som sjølvstendige språk i den samanhengen dei forskar i. Når elevane i grunnskulen lærer nynorsk har dei ei spesiell fast referanseramme for dette språket, medan dei gjennom massemedia og elles får ei ny språkleg referanseramme på bokmål til samanlikning. Dette trur forskarane kan verke utviklande på dei kognitive, dvs. tankemessige, strukturane i hjernen. Det gjev på mange vis ein ny dimensjon til måten å vurdere sanseinntrykk på og særleg av intellektuelle, kognitive prosessar. Det treng altså ikkje vere heilt diamentralt ulike språk for å få til desse nye koplingane i tankeverksemda, blir det hevda.
Det er i gang forsøk og undersøkingar fleire stader i Europa og Nord-Amerika, mellom anna i Spania og Canada, om verknaden av å vere tospråkleg. Det norske bilingvale forskingsprosjektet er ikkje endeleg avslutta ved Universitetet i Tromsø. Professor Øystein Alexander Vangsnes vil derfor ikkje gå ut med nokon bastant konklusjon før forskingsprosjektet er endeleg ferdig. Men ein førebels konklusjon er at det er sannsynleg at det er ein viss samanheng mellom opplæring i nynorsk i grunnskulen og gode karakterar der; og det same gjeld det høge karakternivået i vidaregåande skule i nynorskfylket Sogn og Fjordane. Den endelege finpussinga av konklusjonen på forskingsprosjektet frå Universitetet i Tromsø blir det interessant å sjå nærare på når han kjem i nær framtid.
For mange er det ukjent at statistisk sett er karakternivået ved normerte prøver i nynorskdominerte grunnskular, signifikant høgare enn i tilsvarande bokmålsskular og at elevar ved vidaregåande skular i nynorskfylket Sogn og fjordane har eit generelt høgare karakternivå enn elevar i fylke med bokmålsdominerte vidaregåande skular, som det er naturleg å samanlikne med. Vest-Telemark skulle i begge tilhøve, både når det gjeld karakterar i grunnskulen og i vidaregåande skule på Dalen, kunne rose seg av ei meir positiv utvikling enn tilsvarande institusjonar i bokmålsstrok. Eg har iallfall forstått det slik at det er færre som fell utanom og sluttar ved Dalen vidaregåande skule enn ved meir bokmålsprega institusjonar elles i Telemark.
Birger Risnes