Dei var ikkje så gode til beins, desse songarane.
Dei var ikkje så gode til beins, desse songarane.

Lattertårene trilla på Vinjar

Då Liv i Vinjes musikkteater endeleg skulle framføre «25 år på trona» laurdag, sat alt som det skulle. Og publikum huva av latter i ein heil time.

Kvar torsdag sidan januar har born og ungdom i Liv i Vinjes musikkteater øvd på eit stykke om jubileet til kongeparet. Festsalen på gamle Vinje skule var full av vinbyggjar i alle aldrar, som alle gledde seg til å sjå søner, døtrer, barneborn, nieser, nevøar, vener og kjende briljere på scenen. Og dei blei verkeleg ikkje skuffa.

Stykket handla om Kong Harald og Dronning Sonja, som i høve 25 års-jubileet sitt ville feire med å ta seg ein tur saman. Og då fall valet naturleg nok på Vinje i Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Av alle dei stader me har vore, og alle menneske me har treft, kan eg aldri gløyme Vinje i Telemark, seier kongen, spela av Haakon Nordstoga. Han har meistra den noko sløve talemåten. Dronninga, spela av Aurora Lie Verpe, må seie seg einig i det.

Ordføraren tek med seg kona

Plutseleg blir det klart at sjølvaste statsministeren har overhøyrd samtalen, og at også ho vil vere med til vakre Vinje. Det viser seg nemleg at Erna, spela av Ingrid Nordstoga, er ein litt overivrig Odd Nordstoga-fan. Ho får streng beskjed av kongeparet om at ho må bli att i Oslo for å passe på slottet, men det er ein ordre ho vel å sjå bort frå.

Nina Johnsen Haugen (t.v.) og Irmelin Trøyte fekk publikum til å slå seg på låret av latter. Her med Ingrid Nordstoga i rolla som Erna Solberg.
Nina Johnsen Haugen (t.v.) og Irmelin Trøyte fekk publikum til å slå seg på låret av latter. Her med Ingrid Nordstoga i rolla som Erna Solberg.
Jon Rikard Kleven (Laurynas Lamsodis) har fått auge på helikopteret som fraktar prins Charles og Camilla til Vinje.
Jon Rikard Kleven (Laurynas Lamsodis) har fått auge på helikopteret som fraktar prins Charles og Camilla til Vinje.
Aurora Lie Verpe og Haakon Nordstoga spela Sonja og Harald.
Aurora Lie Verpe og Haakon Nordstoga spela Sonja og Harald.
Camilla (Maren Johnsen Haugen) uttrykker følelsane sine for sin kjære prins Charles gjennom song.
Camilla (Maren Johnsen Haugen) uttrykker følelsane sine for sin kjære prins Charles gjennom song.

I ein time fekk publikum servera scenevante barn og unge, som både kunne imitere, spele, synge aldeles nydeleg og «time» komedien slik at ikkje ein kjeft greidde å unngå å gapskratte. Den lokale satiren nådde aldri ein topp, den berre var der frå fyrste stund. Laurynas Lamsodis både såg og høyrdes ut som ordførar Jon Rikard Kleven.

– Om eg kan tala nynorsk? Jau, det då skulle ein tru, svarar Kleven i telefonen då han får beskjed om at kongeparet skal kome på besøk.

– Eg berre tek med meg kona, seier han vidare.

Så kjem endeleg kongeparet, og dei blir møtt med brask og bram på Vinjar. Der får dei spørsmål frå Kleven om dei ikkje vil «bli med inn på ein måndagsmiddagsbit».

– Hjarteleg takk, ordførar Kleven, men me tok ei pølse på Esso, svarar kongen høfleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Småfrekk stemning på Plassen

I ei scene får me treffe Aasmund Plassen og kona, som i dag driv garden Plassen. Laust basert på Aasmund og Ingvild Nordstoga, skulle ein tru. Dei har fått besøk av Erna, og for statsministeren er Plassen fyrst og framst staden Odd Nordstoga vaks opp. Til dagens drivarar si store fortviling pressar Erna seg på for å få eit glimt av barndomsheimen hans.

– Eg trur me må begynne å ta inngangspengar eg, seier Aasmund, spela av Irmelin Trøyte.

– Ja, eg er så lei av denne turisttrafikken, svarar frua, spela av Nina Johnsen Haugen. Så blir dei einige om at dei vil synge ein skikkeleg poplåt saman for å gløyme sorga ei lita stund. Så gjer dei ein veldig fin, og veldig morosam, versjon av Charlie Puth og Meghan Trainors «Marvin Gaye». Ein noko seksuelt lada duett, som gjer båe to litt yre. 

Besøk frå London

Midt i besøket til kongeparet dukkar plutseleg prins Charles og hans Camilla opp, og gjer dermed absurditetsnivået komplett. Strålande spela av Oskar Tennant og Maren Johnsen Haugen har dei britiske tronarvingane teke turen for å feire saman med sine vener frå det norske kongehuset. Charles får mellom anna ei opplæring i folkedans av Ellen Nordstoga, spela av sitt eige barneborn, Aasne Nordstoga. Det heile blir litt av ein affære, men prinsen latar til å få taket på det.

Av andre minneverdige augneblink finn me den særs detaljerte fisketur-på-Vinjevatn-forteljinga til kongen, som endar med at han og Sonja tek seg ein tur på bærslang i sokneprestens stikkelsbærbuskar, visitten frå Vinje songlag (der brorparten av medlemene hadde nådd middagshøgda) og den rørande framføringa Camilla gjer av Taylor Swifts «Love Story» for sin kjære Charles.

Absurd humor, lokal satire og populære poplåtar kan vel ikkje slå feil? Særleg ikkje når skodespelarane er så gode som her. Forhåpentlegvis vil dette bli synt fleire gonger, for dette burde alle med tilknyting til Vinje få lov til å sjå.