Skuleskyssen meldt til politiet
Telemark Bilruter er meldt til politiet for å køyre med så liten buss at elevane må nytte ulovlege og livsfarlege ståplassar. Dessutan bryt bilrutene reglane om maksimal reisetid for elevar, hevdar foreldre i Åsgrend krins i Kviteseid.
Då skulen starta førre veke stilte Telemark Bilruter med ein 30-seters buss for å frakte 36 elevar frå Åsgrend og Ordal til Brunkeberg skule. Seks elevar måtte sitje i fanget til andre, eller stå i midtgangen.
Å stille med ein buss utan sitjeplass til alle er ulovleg og direkte livsfarleg for elevane, meiner foreldrerepresentantane Tor Golid og Håkon Heggtveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg har rutebilselskapet lagt ein køyreplan som bryt med Kyrkje- og undervisningsdepartementets reglar for reisetid. I desse reglane står det at elevar i småskulen ikkje bør ha meir enn inntil 45 minuttar med total reisetid. I Åsgrend krins er det fleire elevar som får nesten det dobbelte, ein time og ti minuttar, legg dei forarga foreldra til.
Måtte bestille time for å få politimelde saka
Då foreldra fann ut at dei hadde fått ei skuleskyssordning som braut med fleire lovverk blei dei i møte samde om å velje Golid og Heggtveit til å ta nødvendige kontaktar for å ordne opp i tilhøva.
Foreldrerepresentantane fann forholda så alvorlege at dei synest det var rett å politimelde Telemark Bilruter. Med tanke på kor raskt foreldre blir bøtelagt om ikkje barna er sikra med bagar, puter, sete og selar, rekna dei med at lensmannen i Kviteseid ville ta affære straks. Men der forrekna dei seg, og fann ut at det må gjelde ulike reglar for privat og offentleg transport.
Då eg kom på lensmannskontoret, fekk eg forklart at å melde ei sak til lensmannen var ei alvorleg sak eg burde tenkje meg godt om før eg gjorde. Ved andre forsøk var døra låst. Tredje forsøk enda med at lensmannsfolka ikkje hadde tid til å ta imot noko anmelding fordi dei måtte ut på eit viktig oppdrag. Men eg fekk time dagen etter og fekk endeleg politimeldt forholdet etter tredje forsøk, fortel Heggtveit.
Eg fekk seinare greie på at dette hadde ført til at rutebilselskapet fekk munnleg pålegg om å endre situasjonen, men dei køyrde likevel ein dag til med same opplegget, legg han til.
Lensmannen burde eigentleg sjølv ha tatt tak i saka, uavhengig av oss foreldre. Fyrste skuledagen stod han og delte ut flygeblad om trygg skuleveg til mellom andre sjåføren på skulebussen. Då stod det fleire elevar i midtgangen. Det burde han ha sett, meiner Heggtveit.
Skuvar ansvaret frå seg
Rutebilselskapet løyste saka med den overfulle bussen med å dele elevane. Elevane frå sjølve Åsgrend blir med ein buss som går om Ordal før dei kjem til skulen i Brunkeberg. Elevane som bur langs E 134 må ta turen om Morgedal før dei kjem til skulen. Det fører til at enkelte elevar må reise til skulen ein time og ti minutt før skulestart, sjølv om det bare tek fem minutt å køyre direkte til skulen.
Seksåringen min brukar lengre tid på å koma på skulen enn eg gjer når eg pendlar til arbeid i Treungen, seier Golid, og ristar oppgjeven på hovudet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rutebilselskapet fekk alt i juni greie på elevtalet i krinsen. Manglande informasjon er derfor ikkje årsaka til svikten, men dårleg planlegging, meiner foreldra.
Desse «kreative» løysingane til rutebilselskapet for å spare pengar fører til at fleire foreldre kjem til å køyre ungane sine til skulen. Dermed skuvar dei som har teke på seg skulekøyringa ansvaret over på foreldra, seier Heggtveit.
Bryt lovnader
Då me frivillig gjekk med på å legge ned Åsgrend skule midt på 90-talet blei me både av kommunen og rutebilselskapet lova at ungane skulle få eigen buss som køyrde direkte til Brunkeberg skule. Desse lovnadene er visst gløymde. Skikkeleg skuleskyss stod heilt sentralt i skulenedleggingsprosessen, hevdar Heggtveit.
Han er svært skuffa over at den skyssordninga dei har hatt tidlegare ikkje blir vidareført fordi det skal sparast nokre kroner.
Det er heilt klart at me som foreldre ikkje godtek 20 kilometer unødvendig skuleveg på smale bygdevegar. Me krev å få behalde den skyssordninga me har hatt tidlegare, avsluttar representantane for dei kampvillige foreldra.
Manglar pengar til eiga skulerute
Personaltrafikksjef Torleif Roheim i Telemark Bilruter forklarar skulestart med for liten buss med ufullstendige skysslister.
Me fekk lister som ikkje var nøyaktige når det galdt haldeplassen elevane stod på. Mellom anna stod elevane som går på i krysset ved Haugerød & Nilsen oppført med Brunkeberg; noko me tolka som Brunkeberg skule. Derfor møtte me med for liten buss, forklarer Roheim.
Eg trur det hadde blitt endå større ramaskrik om bussjåføren hadde køyrt forbi desse elevane fordi det var fullt, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå denne veka er det sett inn buss med nok sitjeplassar, og med mange lovlege ståplassar i tillegg, forsikrar Roheim.
Han avviser også foreldras påstand om at reglane for maksimal reisetid blir brotne.
Desse reglane er ikkje absolutte reglar, men tilrådingar. Eit statleg arbeidsutval har også konkludert med at dei tidlegare tilrådingane ikkje kan fylgjast lenger, fordi skulestrukturen her i landet har blitt mykje endra dei siste 10-15 åra, hevdar Roheim.
Kravet til foreldra om eigen buss frå Åsgrend direkte til skulen i Brunkeberg skuvar han over til kommunen og fylkeskommunen.
Om me skal setje opp eigen buss frå Åsgrend må me få meir pengar, enten frå fylkeskommunen eller kommunen. Ut frå innsparingspålegget me køyrer etter i dag, er dette umogleg, seier trafikksjefen.
Han kjenner ikkje til lovnadene om eigen buss folk i Åsgrend skulle ha fått då skulen blei lagt ned. Det må vera ei sak mellom dei og kommunen, meiner han.