Vil donere Foldsæ til prinsessa
Senterpartiet i Fyresdal vil donere Foldsæ Gjestegard til nyforlova prinsesse Märtha Louise og forfattaren Ari Behn. Sidan vegane til bygda er eit mareritt, vil Sp åpne flyplassen til bruk for det nyforelska paret.
Straks det blei kunngjort at prinsesse Märtha Louise og forfattaren Ari Behn hadde forlova seg, diskuterte Sp i Fyresdal på eit styremøte signalet om at det nyforelska paret gjerne kunne tenkje seg å bu utanfor byen. Paret ynskte forslag på ny bustadadresse, og dermed nedkom Sp i Fyresdal med eit spenstig framlegg dei meiner har høg grad av seriøsitet.
Liten kongsgard
Me har ein liten kongsgard i Fyresdal. Sp vil donere Foldsæ Gjestegard til prinsesse Märtha Louise og forfattaren Ari Behn. Foldsæ ligg høgt og fint til, slik ein kongsgard skal gjere, og har fine selskapslokale. Dessutan badar gjestegarden seg i Skreevatn, seier Aslak Snarteland i Fyresdal Sp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det einaste minuset med plassen kan vere at paret må byggje seg ein residens. Fram til nå har ikkje folk hatt høve til å bu permanent inne i gjestegarden.
Dei skal få gjestegarden gratis, inkludert elgjakta. Jaktar ikkje Ari Behn, så må han lære det. Elgjakt er ein del av folkekulturen i Fyresdal, saman med snøskuterkøyring, minner Snarteland om.
Vil åpne flyplassen
Han trur Behn kan kome i den rette forfattarånden i Foldsæ-miljøet og naturen i området. Tilfeldigvis har Fyresdal ledig stilling som fysioterapeut, så då ligg det vel i korta kven som får tilbod om den jobben. Dessutan kan prinsesse Märtha Louise få ri det ho vil i Fyresdal. Eit lite sprang utanfor gjestegarden er området ideelt til hestar.
Å få tilfredsstilt rideinteressa kan bli eit viktig lokkemiddel. Slikt lokkemiddel trengs sidan dei elendige vegane til Fyresdal er det stikk motsette. Sp har alt landa med ei løysing på dette problemet.
Me åpnar flyplassen i Fyresdal. Det er klart det må gå i orden om prinsessa flyttar hit, meiner Snarteland.
Sp er seriøse med det rykande ferske utspelet. Partiet vel å vere optimistar, men kva om prinsessa og forfattaren takkar ja til invitasjonen?
Då skal me ta godt imot dei. Det er ikkje kvar kommune som får ei prinsesse, minner Snarteland om.