Fossøy er eit viktig område for Straumsnes oppvekstsenter. Øya blir bruka i undervisninga i fleire fag. Samarbeidsutvalet representert med leiar Kristin Heimdal (t.v.), representant for dei tilsette i barnehagen, Bjørg Nekstad, og rektor Birger Skipar ynskjer at øya blir verna.
Fossøy er eit viktig område for Straumsnes oppvekstsenter. Øya blir bruka i undervisninga i fleire fag. Samarbeidsutvalet representert med leiar Kristin Heimdal (t.v.), representant for dei tilsette i barnehagen, Bjørg Nekstad, og rektor Birger Skipar ynskjer at øya blir verna.

Kampen mot Fossøy-utbygging held fram

Kampen for å hindre bygging av 40 hytter og golfbane på Fossøy i Vrådal held fram. Saka skaper stort engasjement i lokalsamfunnet. Motstandarane av utbygginga har skipa foreining og det er starta ein underskriftskampanje i bygda. Straumsnes oppvekstsenter nyttar Fossøy i undervisninga, og er blant dei mange som ynskjer varig vern av øya i Nisser. Fylkesmannen seier ja til utbyggingsplanane, men vedgår at avgjerda er fatta under sterk tvil. Kviteseid Venstre har alt varsla rikspolitikarane om saka. I neste veke skal planutvalet i Kviteseid drøfte saka.

Det er stort lokalt engasjement i Vrådal i denne saka. Sist laurdag blei Foreininga FFØ – Foreininga for Fossøy og øylandskapet – skipa. Fyrste mål er å stoppe utbygginga på Fossøy, og sikre at det ikkje kjem framlegg om fleire liknande inngrep i øylandskapet i Nisser og Vråvatn.

Målsmann Jacob Sanden Ringsrød i FFØ presiserar at dei ikkje er i mot golfbane i Vrådal eller hytteutbygging generelt. Men utbygginga kan ikkje skje på Fossøy. Øya er for lita til golfbane og 40 hytter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom det skal bli plass til både golf og hytter på Fossøy må det fyllast ut i vatnet mellom 8.000 og 10.000 kubikkmeter masse. Dette er så store inngrep i landskapet at det vil endre Fossøy totalt, meiner Ringsrød.

FFØ har sett i gang ein underskriftskampanje i Vrådal mot utbyggingsplanane på Fossøy.

Birger Skipar, som er sekretær for samarbeidsrådet ved Straumsnes oppvekstsenter, seier ein ved oppvekstsenteret er svært lite glade for dei nye planane på Fossøy. Dei har merknader knytta til trafikk, estetikk og bruken av øya. Han har ei kjensle av aukande motstand i lokalmiljøet mot planane til Porsgrunns-investorane Tor Eia og Trond Liane. Det er desse to som ynskjer å realisere grunneigar Arne Gravir sine utbyggingsplanar frå 1994, men som ikkje har vorte gjennomførte.

– Me er glade for den plassen turismen har fått i Vrådal, men å bygge ut Fossøy har for mange negative sider, meiner Kristin Heimdal, som er leiar i samarbeidsutvalet ved Straumsnes oppvekstsenter.

Straumsnes har 43 elevar i skulen og 18 ungar i barnehagen. Birger Skipar, som er rektor ved oppvekstsenteret, peiker på at Fossøy har store landskapsfaglege kvalitetar med sine isavsetningar, flyttblokkar, daudisgrop og Fossøy er svært sentral i eit øylandskap han kallar unikt.

Viktig undervisningsstad

– Både skulen og barnehagen legg mykje av undervisninga i fleire fag til Fossøy. Øya har verdiar av historisk karakter. Arkeologane har funne spor som syner at det var busetnad på Fossøy heilt tilbake til 3.000 år før Kristus. Dei mange steinalderbuplassane, vikingtida med gravplass med steinleggingar og bauta saman med nyare tids busetting og slusene gjer Fossøy særdeles interessant for oss å bruke i samband med undervisninga, seier Skipar.

Han fortel at skulen har ei spesiell satsing på uteskule. Alle klassestega har undervisning ute tri timer i veka. Barnehagen har øya som sitt naturområde.

Dersom den planlagde utbygginga blir realisert, ottast både rektor og heile samarbeidsutvalet at oppvekstsentret berre i liten grad kan nytte Fossøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir det bygt ut kjem dette til å bli ei øy for hyttefolk og golfspelarar. Øya blir i stor grad privatisert, og då blir det nesten håplaust for oppvekstsenteret å halde fram med undervisninga på øya, meiner Kristin Heimdal.

Birger Skipar seier at sjølv om dei nye planane ikkje legg opp til parkering mellom skulen og slusa, er han sikker på at ei utbygging fører med seg aukande biltrafikk forbi skule- og barnehageområdet.

Samarbeidsrådet er også oppteken av det estetiske. Ved lågt vatn i Nisser vil dei store utfyllingane det er snakk om på Fossøy vere skjemmande for Straumsneshalvøya. Rådet meiner ei utfylling reduserar kvaliteten på eit vakkert og unikt landskap.

Fylkesmannen positiv

Etter at høyringsfrista gjekk ut denne veka seier fylkesmannen ja til 40 hytter og golfbane på Fossøy. Men han set ei rekkje vilkår til utbyggjarane, og vedgår at det er under tvil det blir gjeve grønt ljos.

I fylgje NRK Telemark er ein av fylkesmannen sine føresetnader at den høge furuskogen på den flata øya i størst mogleg grad blir verna. Fylkesmannen ynskjer ikkje at øya endrar karakter i større grad.

Vidare krev fylkesmannen at hyttefelta blir flytta lenger unna vatnet, og at det må bli synt omsyn til barnehagen og skulen sine interesser. Utfyllingane, som har mange motstandarar i Vrådal, ser ikkje fylkesmannen på som noko problem.

Venstre i Kviteseid har engasjert seg sterkt mot utbygging av Fossøy. Partiet skipa i mars i fjor til folkemøte i Vrådal der mellom anna den kommunale leiinga var til stades. På møtet talte rådmann Tor Borgenvik for utbygging. Han grunngav standpunktet sitt mellom anna med at ein golfbane ville ha mykje å seie for Vrådal som turiststad om sommaren. Han såg for seg at golfspel blei eit nytt «sommarbein» for turistnæringa.

Jon Ingebretsen, leiar i Kviteseid Venstre, fortel at Venstre seier nei til Fossøy-utbygginga fordi dei er opptekne av ei vakker turistbygd med ein fin natur. Partiet meiner naturmiljøet er eit viktig grunnlag for ei vidare utvikling i turistnæringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ringakt for lokalbefolkninga

– Dersom fleirtalet av kommunepolitikarane i Kviteseid vel å sjå bort frå motstanden mot hytter og golfbane på Fossøy, og seie ja til planane, må eg seie dei viser liten respekt for lokalbefolkninga og andre sine røyster i lokaldemokratiet, seier Ingebretsen i ein kommentar, og varslar at leiaren i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Gunnar Kvassheim frå Venstre, er gjort merksam på denne saka.