Planutvalsleiar Halvor Midtveit (t.v.) og ordførar Børre Rønningen stiller seg i spissen for den politiske og administrative leiinga i Vinje, og ber Miljødepartementet skjera gjennom vedtaket frå Fylkesmannen.
Planutvalsleiar Halvor Midtveit (t.v.) og ordførar Børre Rønningen stiller seg i spissen for den politiske og administrative leiinga i Vinje, og ber Miljødepartementet skjera gjennom vedtaket frå Fylkesmannen.

Ber departementet om hjelp mot Fylkesmannen

Fylkesmannen har tilsidesett ein reguleringsplan som fyrst blei godkjent. Det skaper store problem for ein grunneigar som baserte finansieringa av ny driftsbygning på sal av hyttetomter. Vinje ber Miljødepartementet om hjelp mot Fylkesmannen.

Vinje kommune har vore i meklingsmøte med Fylkesmannen i Telemark for å finne ei løysing på situasjonen kring ein reguleringsplan på Nybustøylen på Bykleheia. Grunneigar Knut Haugarne søkte om å få dele frå og selje 19 hyttetomter. I samråd med Fylkesmannen blei det i april 2002 godkjent ein plan for 13 tomter. Hyttetomtene skulle gje grunnlag for finansiering av ny driftsbygning for ammekyr på gardsbruket i Haukeli.

Familien Haugarne stola på det lovleg fatta vedtaket om å få selje 13 hyttetomter, som blei godkjent i både planutval og kommunestyre, og bygde ny driftsbygning til nærare to millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at reguleringsplanen var endeleg godkjent kom NINA (Norsk institutt for naturforskning) med ein rapport som viste at det gjekk eit reinsdyrtrekk om lag 1,5 kilometer frå hyttefeltet. Det gjorde at Fylkesmannen retta såkalla motsegn mot planen og truga med statleg byggje- og deleforbod.

For å imøtekome Fylkesmannen gjorde planutvalet i Vinje denne månaden eit vedtak om at det kan bli bygd sju tomter på Nybustøylen, lengst vekk frå reinstrekket. Det blei også lagt ned mellombels dele- og byggjeforbud slik at saka vert stilt i ro til endeleg avgjerd ligg føre.

Fylkesmannen var ikkje fornøgd med dette og kravde i meklingsmøtet ein plan med bare tre tomter. Det kunne ikkje Vinje godta, og kommunen har eit sterkt ynskje om å koma i dialog med departementet om situasjonen.

I førre veke gjekk eit brev til departementet der kommunen ba om eit møte, saman med synfaring i det aktuelle området, slik at dei kan få leggje fram sitt syn på saka.

Reinstrekket er ikkje nye opplysningar

Leiinga i Vinje kommune er sterkt kritisk til Fylkesmannen si framferd i denne saka.

– Offentlege styresmakter må vera truverdige og forutsigbare, meiner ordførar Børre Rønningen.

– Det må vera svært sterke grunnar til at ein set til sides tidlegare godkjende planar, seier rådmann Rune Lødøen.

Planutvalsleiar Halvor Midtveit går endå lenger og seier at truverdet til Fylkesmannen står i fare i denne saka. Han er redd manglande truverde hos Fylkesmannen kan smitte over på andre offentlege nivå slik at også kommunen kjem i miskreditt hos innbyggarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ingen ting som er nytt i NINA-rapporten. Alle, også Fylkesmannen, viste om reinstrekket då planen fyrst blei godkjent. Fylkesmannen si handtering av denne saka er skadeleg for all offentleg forvalting, hevdar Midtveit i klar tekst.

– Me skjønar ikkje Fylkesmannen i denne saka, og er nøydd til å be om hjelp frå Miljødepartementet for å få ei løysing, føyer ordføraren diplomatisk til.

Får fylgjer for fleire

I det aktuelle området, som ligg tett ved Rv 9 mellom Sæsvatn og Nybutjønn om lag 12 kilometer frå Haukeli i retning Hovden, er det fleire grunneigarar som har utbyggingsplanar. Kommunen har utsett behandlinga av alle desse sakene i påvente av resultatet i denne saka.

– Som den største villreinkommunen i landet tek me absolutt omsyn til villreinen og har alltid vore restriktive i planar som kan røre ved villreinforvaltinga. Det gjeld også denne saka der hyttene nærast dyretrekket blei kutta ut. Slik me ser det vil denne utbygginga ikkje ha noko å seie for reintrekket i det heile, forklarar ordføraren.

Han har tru på at Miljøverndepartementet vil skjera gjennom og overprøve Fylkesmannen.

– Departementet har irettesett Fylkesmannen i to saker i det siste. Det gjer det kanskje vanskeleg å gjera det same i enno ei sak, men me får håpe at alle gode ting er tre, avsluttar ein optimistisk ordførar.

– Går konkurs om vedtaket blir ståande

Ekteparet Inger Elisabeth og Knut Haugarne i Haukeli er oppgjevne over utviklinga i saka.

– Hadde me visst det me veit no hadde me aldri bygd ny driftsbygning, seier Inger Elisabeth Haugarne. Ho og mannen held på å miste motet etter alt saka har kosta av tid, pengar og bekymringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Går ikkje planen om sal av hyttetomter i orden må me selje eller gå konkurs, seier ho. Dette går svært inn på mannen min. Det er slektsgarden hans det er tale om. Som ein siste utveg kan me flytte til Bykle der eg er odelsjente til ein gard, men det er ikkje det me ynskjer, legg ho til.

Ho synest byråkratane må tenkje seg om og sjå konsekvensane av det dei gjer. Aller verst synest ho det er at Fylkesmannen endrar syn utan at noko nytt har skjedd i saka. Villreintrekket det er snakk har vore kjent heile tida, det finnes ikkje noko nytt som gjev Fylkesmannen grunn til å endre planar, meiner ho.

– For byråkratane er det kanskje bare snakk om ei halvside skriven tekst, men for oss er det eit vere eller ikkje vere i Haukeli, avsluttar ho med eit hjartesukk.