Seljord-ordførar Halfdan Haugan opna den nye ladestasjonen utanfor Sjøormen Kro i Seljord. Claes Kolstad frå leverandørane Fortum og Gunn Anita Steinstad frå Aarnesgruppen fylgjer nøye med.
Seljord-ordførar Halfdan Haugan opna den nye ladestasjonen utanfor Sjøormen Kro i Seljord. Claes Kolstad frå leverandørane Fortum og Gunn Anita Steinstad frå Aarnesgruppen fylgjer nøye med.

Ladestasjon på plass i Seljord

Torsdag ettermiddag blei det opna ein ny ladestasjon ved Sjøormen Kro i Seljord. Det er Fortum som har levert ladestasjonen.

– Me har hatt eit ynske om å tenkje framtidsretta og tilby eit miljøvenleg alternativ til fossilt brensel for folk på vegen. Ved å bli ein del av Fortum sitt ladenett som er ope for alle, sikrar me ei stabil og påliteleg løysing som er enkel å bruke, skriv Aarnesgruppen ved Gunn Anita Stenstad i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aarnesgruppa driv Aarnes Kafeteria, Senterkroa i Bø og Sjøormen Kro i Seljord.

– Kundane kan betale med mobiltelefon utan førehandsregistrering eller med ei førehandsbestilt ladebrikke og månadleg faktura. Det skal vere enkelt å velje miljøvenleg, skriv Stenstad.

Ordførar Halfdan Haugan (Ap) stod for den offisielle opninga.