Talentpris til treunge
For første gong blei Anders Vangens minnefond delt ut, og 17åringen Tov Espelid frå Treungen var ein av prisvinnarane.
Anders Vangens talentpris er i samarbeid med Sparebank Sør og det blei dela ut 10.000 kroner til fem vinnarar i Rådhusamfiet i Porsgrunn 25. mai.
Prisvinnaren Tov Espelid går på musikklinja ved Skien videregående skole. Tov likar å eksperimentere med ulike instrument men hovudinstrumentet er el-gitar. Han lagar sine eigne opptak der han spelar inn alle dei forskjellige instrumenta sjølv, heiter det i grunngjevinga frå juryen som bestod av «Operagutta».
Artikkelen held fram under annonsen.
Erik Maxim Kronda frå Bergsbygda mottok Anders Vangens talentfond på 30 000 kroner. I tillegg til Espelid fekk Jasmin Deliler, Simon Thorbjørnsen, Kari Holte Aarø og Alexander Johnsen talentpris på 10 000 kroner.
Operasongaren Anders Vangen døydde i mai i fjor.