Bil med ein person i har trilla 20 meter ned og hamna i ein skrent
Naudetatane har rykt ut etter melding om trafikkulykke i Åmotsdal.
Politiet melde klokka 15 om ein at ein bil hadde køyrd av Sudbøvegen i Åmotsdal. Det skal vera ein person i bilen som har trilla 20 meter ned og enda i ein skrent.
Klokka 15.38 melde politiet at det er ein lokal mann i 60-åra som har vore involvert i ulykka. Mannen er ute av bilen og til behandling av helsepersonell.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Framstår ikkje alvorleg skadd. Årsaka til hendinga er ikkje kjent, melder politiet.
– Hendig uhell, melder politiet klokka 16.02. Mannen blir køyrd til legevakta for undersøking.