Lærdalordførar Jan Geir Solheim meiner Rv52 og E16 ved Lærdal eignar seg langt betre som hovudveg enn Rv7. Vidare meiner han Noreg har råd til å byggje god E134 og ein arm frå Odda til Bergen.
Lærdalordførar Jan Geir Solheim meiner Rv52 og E16 ved Lærdal eignar seg langt betre som hovudveg enn Rv7. Vidare meiner han Noreg har råd til å byggje god E134 og ein arm frå Odda til Bergen.

«Me har råd til å byggje kortaste veg mellom Oslo og Bergen»

Lærdalordførar Jan Geir Solheim vil ha Rv52 som hovudveg og ei satsing på E134 som raskaste veg mellom aust og vest.

Me har passert Voss, er på E16 nordaustover og kjem etter kvart ut av den 2,5 mil lange Lærdalstunellen. Få meter etter tunellutgangen ligg grenda og næringsområdet Håbakken, og på kafeen der ventar Lærdalordførar Jan Geir Solheim (Sp) i kommunen som har 2 200 innbyggjarar.

– Dette er ein viktig kamp – kanskje det viktigaste me har drive med nokon gong, seier Solheim om å få Rv52 som ligg eit stykke lenger austover og ned til Gol som hovudveg mellom Austlandet og Vestlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om ein svingar av E16 ved Håbakken og inn på Rv5 som går heilt til Florø, er det også samband med E39, som går frå Kristiansand til Trondheim.

– Samferdselsmessig føler me oss som eit knutepunkt. Det er innan samferdsel Lærdal har ein styrke. Her ligg me midt mellom Bergen og Oslo, og Rv5 har endå meir trafikk enn den som kjem ut av Lærdalstunellen ved Håbakken. For Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal er vegen her kjempeviktig, og me har mykje støtte frå dei to fylka om at Rv52 må bli hovudveg, seier Solheim.

Må vere på plass

Så kjem ordføraren inn på E134 og armen frå Odda til Bergen.

– Unnlét me å ha med armen er debatten håplaus. For Bergen–Oslo-trafikken løyser me det på best mogleg måte med armen, og han må vere på plass om det skal vere hovudsamband. I beste fall er det samfunnsøkonomisk forkasteleg å ikkje ha med armen, seier ein klokkeklar Lærdal-ordførar.

Han registrerer at delar av Bergen, Hardanger og øvre del av Hallingdal unnlét å snakke om armen, og vil ikkje satse på han.

– Nokon i Hordaland må ha overstyrd samferdselsministeren, for han vil ha armen. Men uansett regjering er eg sikker på at armen kjem, seier Solheim.

Han trur ikkje det er noko land i Europa som har så dårleg veg mellom dei to største byane som i Noreg.

– Med arm og E134 fullt utbygd blir dette beste vegen Noreg kan ha mellom Bergen og Oslo. Og så har me råd til å byggje denne kortaste vegen mellom aust og vest, seier ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Minst like stort reiseliv

Solheim fortel om ein stor del trailerar på E16 og Rv5 i forhold til eksempelvis Rv7.

– Delar av Bergen og forkjemparar for Rv7 seier dei vil ha den som hovudveg fordi han blir raskare enn Rv52. Men dei ynskjer galant ikkje å snakke om kostnader og utfordringar ved å byggje tunell på Hardangervidda og stigningsproblema i Måbødalen. Det er ikkje rart lastebilane vil køyre Rv52, for der er det mykje flatare veg, seier Solheim.

Han meiner det ikkje er bra slik tilhengarar av Rv7 og Rv52 til tider snakkar om kvarandre.

– Tonen er ikkje fin mellom partane, eg likar han ikkje. Me også har eit reiseliv minst like stort som Rv7, påpeikar ordføraren som eit argument andre ikkje vil snakke om.

– Og Rv52 vil dekkje eit langt større område enn Rv7. Ein annan styrke er at E16 over Filefjell står ferdig utbygd neste vinter, og då blir det sikkert vegsamband der, legg han til.

– Samferdsel er kamp til evig tid

Viktig kryss

Lærdal sentrum ligg fire kilometer unna E16, så Solheim ser at ein der ikkje vil tene noko på om det blir hovudveg Gol–Voss, over Hemsedalsfjellet.

– Men me vil tene på at me får betre veg, båe vegar. På Håbakken ser me føre oss næringsutvikling i eit av Sør-Noregs viktigaste kryss. Her ynskjer ein canadiar å byggje pelletsfabrikk, og me har interessentar som vil føre opp butikksenter og anna på Håbakken. Planen er også å fylle tome lastebilar med returlast frå dette krysset. Dessutan er det planar om hamneprosjekt i Lærdalsfjorden, inst i Sognefjorden. Det skal vere avlastingskai for Bergen og Oslo, og så skal me snu tømmertransporten slik at han kjem hit og kan gå vidare på båt, seier ein optimistisk Lærdal-ordførar.