Får dele frå eigedom på 4500 dekar
Anne Johanne og Sverre Berge i Nissedal sit at med eit bustadhus, hyttefelt og ein skogteig etter å ha selt landbrukseigedomen inkludert gardshus og andre bygg til eit barnebarn.
Ekteparet Berge skal selje landbrukseigedomen g/bnr. 12/4, 12/5 og 12/6 Grimstveit nedre/øvre og Lyslia til eitt av barnebarna. Søkar ønsker derimot å sitje igjen med byggeområdet Sylvtjønn aust på Kyrkjebygdheia, landbruks- og byggeområdet g/bnr. 19/10 ved Vehustjønna på Nesheia og den frå før frådelte tomta (2,8 dekar) g/bnr. 12/10, med heilårsbustad i Grimstveitgrenda.
Formannskapet har gjeve delingssamtykke etter jordlova for frådelingar frå driftseininga for hustomta, g/bnr. 12/10, og for den samla teigen ved Vehustjønna, g/bnr. 19/10.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare har formannskapet i medhald av plan- og bygningslova gjeve delingsløyve for frådeling av byggeområdet Sylvtjønn aust frå g/bnr. 12/5 slik det er søkt om, på vilkår av at den nye eigedomen får vegrett i privat vegnett frå offentleg veg og fram til eigedomsgrensa.
Dette vedtaket er fyrst gyldig når søknaden er nabovarsla og det ikkje er merknader som fylgje av varselet som må føre til omgjering av vedtaket.
Ekteparet eig totalt 5046 dekar, men etter salet til barnebarnet Sverre Puttekås sit dei att med eitt av tre bustadhus og ein skogteig på 354 dekar på Nesheia. Kring 145 dekar av teigen er regulert til fritidsføremål og har regulert 24 tomter i søraust-enden av Vehustjønna. Vidare beheld paret området Sylvtjønn aust der det er 188 dekar og 39 festetomter.