Leitar framleis etter hotelldrivarar
Eigaren av Morgedal hotell seier at interessentar frå distriktet har meldt seg for å drive hotellet, men ser sjansen for sommardrift som urealistisk.
VTB skreiv 14. juni at eigar av Morgedal hotell, Ola Moe, var i kontakt med to personar som kunne vere aktuelle som drivarar av hotellet denne sommaren. På same tid venta Moe tilbakemelding frå Kviteseid kommune om bruksendring av hotellet sidan han var knytt til ei avtale med eit mottaksselskap som ynskte å nytte hotellet som fast asylmottak.
– Då handsaminga av denne saka tok tid, fall også høvet til å få til sommardrift bort. Men me jobbar med fleire interessentar nå, og håpar me kjem fram til ei løysing om drift i tida som kjem, seier hotelleigar Moe.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han synest det er vanskeleg å spå kor raskt dei kan kome fram til ei avtale, men har stor tru på at dei skal klare det.
– Me ynskjer drift av hotellet og fleire har tatt kontakt med oss. Men kva det fører til er vanskeleg å spå, meiner han.
Lokale interessentar
Moe fortel at interessentane dei har kontakt med kjem frå distriktet, og at dei er seriøse.
– Dei er frå distriktet, men ikkje så lokale at dei kjem frå Morgedal altså, seier Moe.
– Har Dyrsku’n lagt inn bod på hotellet?
– Det er ikkje eg kjent med. Men det har kanskje vore snakk om at dei kunne vere interessert. Men det er vel meir eit rykte, seier Moe og avkreftar også at det har vore dialog med Dyrsku’n om drift av hotellet.
Ynskjer helst å leige bort
Moe seier at dei arbeider med å finne nye drivarar som kan leige hotellet.
– Hotellet ligg ikkje ute for sal sidan me i fyrste omgang ynskjer å finne dei rette som vil leige og drifte verksemda. Men kjem det inn eit godt bod vil me ikkje avvise det som eit alternativ heller, seier Moe.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dyrsku’n har eit stort behov for overnattingsplassar
Dagleg leiar i Dyrsku’n arrangement, Geir Helge Espedalen, seier til VTB at han synest det er leit at Morgedal hotell nå ikkje er i drift.
– Kan det vere interessant for Dyrsku’n å kjøpe eller leige hotellet i Morgedal?
– Det har eg ikkje nokon kommentar til. Men generelt kan eg seie at me har stort behov for overnatting, både til festivalane og til Dyrsku’n. Det er veldig synd for Vest-Telemark, og sjølvsagt for heile regionen, om Morgedal skulle slutte å eksistere som hotell, seier Espedalen.
Dyrsku’n og festivalane har nytta Morgedal hotell som fast overnattingsstad, og Espedalen seier at dette gjeld meir enn hundre sengeplassar dei nå må finne andre stadar.
– Me er i kontakt med ulike utleigeaktørar, mellom anna eigarar av hytter. Overnattingsstadar inntil tre-fire mil vekk frå Dyrskuplassen er aktuelle, seier Espedalen.
Han understrekar at det er openbart at Dyrsku’n har trong for fleire hotellsenger og overnattingsplassar.
– Morgedal hotell har vore ein stad ein del av gjestene våre har overnatta i mange år, og det er viktig at innkvartering for dei som kjem hit er føreseieleg, avsluttar Espedalen.