Proffe innbrotstjuvar stal varer for ein halv million

Verdiane som blei borte under innbrotsserien i fire Kviteseid-forretningar natt til tysdag kan koma opp i vel ein halv million kroner.  Innbrota skjedde på den tida av døgeret då dei fleste lovlydige borgarar sov, truleg mellom kl 2 og 4. Tjuvane har køyrt ned på det nye forretningsområdet på Mylletomta i Kviteseid og parkert på baksida av dei fire forretningane. 

Både Mylla Pizzabar, Kato Elektrisk & Import A/S, Kviteseid Rørhandel og Salong Mini fekk vitjing av dei svært ubedne gjester. Verst blei tapet for videoavdelinga i pizzabaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nett no har me ikkje oversikten, seier ein oppgjeven Bjørn Aschim. Då VTB var innom var han i ferd med å registrere dei omlag 400 videofilmane som er blitt borte. Desse filmane har ein verdi av opp til kr 1.200, så berre tapet av utleigefilmane kan i verste fall koma opp mot kr 400.000.

Les meir om innbrotsdramaet i VTB-arkivet her.