Live Vinjerui Lid (t.v.) og Bjørg Bakke stod for den siste delen av monteringa av vêrstasjonen på taket av Vest-Telemark vidaregåande skule.
Live Vinjerui Lid (t.v.) og Bjørg Bakke stod for den siste delen av monteringa av vêrstasjonen på taket av Vest-Telemark vidaregåande skule.

Vêrstasjon blir sentral i skulen

Innhenting og arbeid med data frå vêrstasjonen på Dalen blir ein sentral del av skulekvardagen til elevane ved Vest-Telemark vidaregåande skule og fire ungdomsskular som er knyte saman i eit energinettverk i regionen. Nettverket er eit av ni nettverk i Noreg med energi som samlande tema, og ideen til prosjektet kom frå Vest-Telemark.

Nettverket av automatiske vêrstasjonar er ein viktig del av det nasjonale energinettverket som den vidaregåande skulen på Dalen er ein del av. Temperatur, nedbør, UV-stråling, vind, vindretning, lufttrykk, solinnstråling og luftfukt er noko av det som kontinuerleg blir registrert og oppdatert på skulens heimeside kvart 15. minutt.

– Tala frå stasjonen skal også brukast i forskingssamanheng. Me håpar også at vêrstasjonen skal vekkje interesse i nærmiljøet, i og med at me har mykje historiske data, seier Karl Torstein Hetland, prosjektleiar for «Energinettverket».

Artikkelen held fram under annonsen.

Energi som tema

Onsdag monterte elevane stasjonen ferdig før Karl Torstein Hetland offisielt kunne opne han. Vêrstasjonen kan vera sentral i fysikk både innan måleteknikk, tolking av data og bruk av Internett. Totalt er det 13 liknande vêrstasjonar i Noreg.

Det nasjonale «Energinettverket» er eit samarbeid mellom Statkraft, Naturfagsenteret på Blindern, Utdanningsdirektoratet, Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås, Statens strålevern og vidaregåande- og ungdomsskular i heile landet med energi som samlande tema. Prosjektet fokuserer på alle sider ved energiproduksjon, energibruk, energiøkonomisering og verknader på miljøet.

Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen er på mange måtar kjernen i det nasjonale «Energinettverket». Fire ungdomsskular, Gimle, Tokke, Åmot og Høydalsmo skule, er tilknytt den vidaregåande skulen på Dalen.

40 skular

Bakgrunnen for nettverket kan ein spore tilbake til ein partnarskapsavtale mellom Statkraft og Åmot skule, med industriverksemda som ein konkretiseringsarena for skuleelevane. Den nasjonale «Energinettverket» er ei vidareutvikling av dette konseptet. Torbjørn Lyngestad hos Statkraft utfordra Karl Torstein Hetland ved Vest-Telemark ressurssenter til eit samarbeid, og no er det såkalla «Energinettverket» ein realitet på kring 40 skular i heile landet.

– Målet er å auke interessa for realfag i skulen, seier Hetland.

Det er i alt ni nettverk. Kring 30 ungdomsskular er knytt opp mot ni vidaregåande skular.

– Dette er eit unikt samarbeid. Elevane skal brukast aktivt og fungere mellom anna som lærarar for ungdomsskuleelevane, seier Hetland.

– Dette skal vera moro-fysikk-undervisning, seier Hetland, om prosjektet som blir avslutta med ein felles energidag i Vest-Telemark for den vidaregåande skule og dei fire ungdomsskulane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Studentar frå Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås skal bidra med praktiske oppgåver for elevane.

Rett å samarbeide med skulen

I utgangspunktet har prosjektet ei ramme på 3-5 år, men Torbjørn Lyngestad hos Statkraft seier dei ser for seg eit langvarig samarbeid.

– Me har stor tru på at det er rett å samarbeide med skulesektoren. Statkraft ynskjer å vera leiande i Europa på miljøvennleg energi, og me er soleis avhengige av ei interesse for faget for å byggje opp kompetanse. Dessutan har me store ambisjonar både heime og ute. Me er avhengige av truverde og tillit, og for å få det må me gjere oss kjent. Me ynskjer også å vera ein konkretiseringsarena for skuleungdom, noko som gjeng på det samfunnsmessige ansvaret Statkraft har, seier Lyngestad.