Avfolkingstruga Kilen har lite å hente i Kviteseid kommune
Grendesamfunnet Kilen er så å seie avfolka, men Kviteseid kommune løftar knapt ein finger for å snu på flisa. «Kilen si framtid» stod på saklista til styret for service og utvikling i førre veke, men verken saksdokumentet eller saksbehandlinga er eigna til å skape optimisme i grenda. Me hadde venta noko meir, men det ser ut til at det manglar politisk vilje i Kviteseid til å gjera noko aktivt, seier Svein Holberg i Kilen Vekst.
For eitt og eit halvt år sidan blei det sett ned ei tremannsgruppe for å sjå på framtida til utkantgrenda ved Flåvatn, der folketalet i fleire år har vore synkande og nå er nede i rundt 15 fastbuande. Arbeidsgruppa med Harald Smeland, ordførar Torstein Tveito og sektorleiar Anne Aasmundtveit har hatt fleire møte, mellom anna med godseigar Niels Cato Aall, Holberg, som driv Kilen Feriesenter, og Kilen Vekst (feilaktig omtala som Kilen Vel). Denne møteverksemda og dessutan ei utferd for å sjå på Bård Fiskarbekk sitt fiskeprosjekt (som av fleire grunnar er lagt på is) munnar ut i noko som mest av alt får ein til å tenkje på berget som fødte ei mus.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saksbehandlarane si vurdering er som følgjer: «Kviteseid kommune stiller seg positiv til at det kjem og vil koma fleire folk til Kilen. Styret for service og utvikling vil ikkje vere negativ til at større tomter kan skiljast frå dei bruka som alt er etablert i Kilen. Dette må sjølvsagt sjåast på frå sak til sak. Kviteseid kommune vil òg gje etablerarar i Kilen råd og støtte så langt det let seg gjere via landbruks- og plankontor. Tiltaksnemnda og fagkontora vil òg så langt råd stille opp ved hjelp til søknad(er) om tilskot lokalt og eksternt. Med utviklinga i arbeidet så langt, ser gruppa det ikkje som naudsynt å halda fram og legg ned arbeidet etter nåverande resultat og kommunale signal om velvilje til vidare tiltak.»
Lukke til!
Denne ikkje akkurat offensive haldninga gir grunnlag for dette noko magre vedtaket i styret for service og utvikling: «Arbeidsgruppa oppnemnt av styret for service og utvikling legg ned arbeidet nå og ønskjer Kilen Vel (skal truleg vera Kilen Vekst) lukke til med arbeidet mot ei positiv utvikling vidare.»
Kilen Vekst er eit prosjekt som har som mål å sikre busetnad og forvaltning av lokalsamfunnet Kilen, som blir kalla ei perle ved den austlege innfallsporten til Kviteseid. Sentral i Kilen Vekst er Svein Holberg som driv Kilen Feriesenter.
Me hadde ikkje venta all verda, men ei så passiv haldning til «problemet» Kilen var likevel uventa. Me ville gjerne vite om det var politisk vilje til å gjera noko for grenda, men etter dette kan me slå fast at det er det ikkje, seier Svein Holberg som mellom anna minner om at Kilen Vekst har sagt seg interessert i å få hand om Kilen bryggje med tanke på restaurering. Men ei leigeavtale, slik Aall har sagt seg villig til å drøfte, er eit usikkert utgangspunkt.
Når det gjeld tomter, er det sjølvsagt også av interesse å få vite om areal frå Nord-Kilen, som i dag er skogfrøplantasje, kan bli vurdert, seier Holberg som får støtte hos Hans Olav Bakås i sitt kritiske syn på manglande engasjement i Kviteseid kommune. Bakås er eigar av eigedomen Nordbø og har gjennom Kilen Vekst engasjert seg i arbeidet med å få ting til å skje i grenda.
Kilen er sjølve innfallsporten til den øvre delen av Telemarkskanalen, og med ei restaurert brygge ville Kilen på nytt kunne koma skikkeleg på kartet. Men da er vilkåret at kommunen spelar ei langt meir aktiv rolle. Så lenge det ikkje skjer, må kommunen bera ansvaret for den avfolkinga som skjer, seier Bakås.
6 av 15 bruk
Av sakspapira til styret for service og utvikling går det fram at ein har drøfta korleis ein skal få stilt areal til rådvelde for nye etablerarar. Det er kjent, heiter det, at eigarane av dei 15 bruka i Kilen sit i den situasjonen at Aall har forkjøpsrett ved sal. Han har overteke eigedomar i Kilen etter at arbeidsgruppa tok til med arbeidet. Så langt VTB veit, har Aall kjøpt attende seks av dei 15 bruka, men med påståande hus frådelt tidlegare eigarar.
Etter avklarande møte med Aall har det kome fram at han er positiv til nye etablerarar i Kilen og han vonar at dei kan få kjøpe attraktive tomter av dei som sit på bruka i dag. Det er eigarane av dei 15 bruka som sit på dei mest attraktive tomtene, seier Aall. Seier saksbehandlarane i Kviteseid kommune.