Auka forspranget i 7. divisjon

Åmdal/Tokke vann toppkampen mot Snøgg laurdag.

Etter å ha slege Skiens Grane 2 med heile 6-1 førre veke, tok heimelaget imot gjestene frå Notodden laurdag. Etter uavgjort 1-1 til pause, sa vertane takk for fylgjet i andre omgang.

– Til vanleg er me treige i starten for så å kome sterkt mot slutten av kampane. I denne kampen blei det motsett, sjølv om me skåra dei to siste måla i siste del av kampen, seier trenar Lars Inge Sollie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Even Torvetjønn gav heimelaget leiinga før gjestene utlikna før pause. I andre omgang skåra heimelaget to gonger til ved Svein Seltveit og trenaren sjølv.

– Det var ein jamn kamp, og Snøgg var gode. Me starta bra, men fall litt ut i andre omgang. Heldigvis fekk me dei viktige skåringane som gav oss tre poeng. Me fekk betalt for all kondistreninga i vinter, smiler Sollie.

No ventar bortekamp mot Gjerpen 2, eit av botnlaga i divisjonen. Det gjev nye utfordringar for Åmdal/Tokke.

– Me har ein god flyt, og må setje søkjeljoset på å møte det som på papiret er svakare lag. Det krev motivasjon og rett innstilling, seier ein strålande fornøgd trenar.