– Det kjennest så heimsleg her
I kveld opnar Grimdalstunet for sesongen. Styret for Anne Grimdalens minne står på som aldri før og håpar kulturprisen kan hjelpe dei å lyfte Anne Grimdalen og kunsten hennar.
– Det står stor respekt av Anne Grimdalen og arbeidet hennar. Det er utruleg at ei lita dame frå Skafså kunne lage så store og mektige skulpturar, seier Margit Felland Krogh.
I Skafså, 630 meter over havet, ligg fjellgarden Grimdalen. Her blei bilethoggaren Anne Grimdalen (1899–1961) fødd. Ho voks opp i ein syskenflokk på 10.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Som ung jente reiste Anne til Oslo. Ho gjekk fyrst på Kunst- og Handverkarskulen og seinare Kunstakademiet. Samstundes måtte ho jobbe som hushjelp for å klare seg økonomisk. Ungjenta frå utkant-Noreg klarte å slå gjennom i kunstnarmiljøet i Oslo. Det er nesten utruleg at ei ung jente med telemål, kristent livssyn og lite pengar klarte å få gjennombrot som kunstnar. Det skjedde i 1938. Då vann Anne konkurransen om utsmykking av Oslo Rådhus og blei landskjend. Anne er og kjend for dei mange barne- og dyreskulpturane ho har laga. Anne Grimdalen døydde i Oslo – 61 år gamal. Ho var ugift. Etter hennar død blei det bygd eit galleri på garden Grimdalen der ho voks opp. Galleriet opna i 1973 og her er mange av skulpturane hennar samla», står det på nettsidene til Vest-Telemark museum.
Ein fantastisk gjeng
Det er mange år sidan Grimdalen døydde, men det fins framleis fleire menneske i dag som gjer det dei kan for å halde liv i kunsten, og minnet. På Grimdalstunet blir me møtt av Elin Seltveit, leiar av Anne Grimdalens minne.
– Hei og velkommen! Det er litt kaos her. Me jobbar på spreng for å få alt klart til opninga. Det er mykje som skal gjerast. Sjå dei fine bannerane me har fått her på utsida, seier ho og viser dei stolt fram. Me går inn døra. I andre etasje blir me møtt av dei andre i styret.
Kaffi og ferske skulebrød står på bordet og dei er klare for å ta ein vel fortent pause.
– Gratulerer alle saman med kulturprisen, helsar VTB.
– Tusen takk. Eg blei veldig overraska. Eg hadde ikkje tenkt tanken ein gong, seier Torunn Haugsevje.
Dei andre nikkar einige.
– Eg trudde Elin spøkte då ho sendte SMS til oss. Eg trudde først ho hadde sendt feil, seier Randi Felland, og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ei stor ære å få ein slik pris. Det er godt å vite at alt arbeidet me har lagt ned blir sett, men det viktigaste for oss er at kulturprisen kan vere med på å lyfte kunsten til Anne Grimdalen og gjere ho kjent att. Dette er ein pris me delar med alle dei som har vore ein del av Anne Grimdalens minne.
– Ho er den største kunstnaren Tokke har fostra, skyt Torunn inn. Det er mange som ikkje skjønnar kor stor ho eigentleg er.
To årsverk
I desember gjekk Anne Grimdalens minne inn under Vest-Telemark museum, og når dei opnar i morgon står dei ikkje lenger heilt åleine.
– Det har vore ei lette for oss og me har eit veldig godt samarbeid. Det er godt å bli avlasta. Tidlegare har me stått for alt sjølve, no det er godt å ha nokon andre som mellom anna tek seg av vedlikehald, seier Jorunn Lunde.
– Det har vore mykje arbeid og det var ei god kjensle då eg kom hit i dag og såg ein person i lift på utsida, seier Torunn.
– Det ligg to årsverk i dugnadsarbeid her, skyt Randi inn.
– Ja, no skal me på tur saman. Det fortener me! Me er ein veldig fin gjeng og har det mykje moro. Det er vel derfor me har halde ut så lenge, seier ho låttmild. Dei andre ler og det er god stemning.
– Kor lenge har de vore med i styret?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har vore med i nærare 20 år, fleire av dei andre har vore her i 8–10 år. Elin blei med som leiar i fjor, seier Randi.
Kvar sumar jobbar damene på Grimdalstunet i to til tre veker kvar. Dei deler sumaren mellom seg og det er alltid ein som er bakvakt. Kjem det bussar utanom sesongen stiller dei sjølve opp som guide.
– Me guidar sjølve, men om sumaren er det tre som arbeider og bur her, seier Elin, son tidlegare har jobba som guide ved Grimdalstunet.
Høyrer til
På spørsmål om kva som gjer at dei kjem tilbake til tunet gong etter gong, og arbeider år etter år er dei ikkje i tvil: Dei vil lyfte Anne Grimdalen og kunsten hennar.
– Me er utruleg stolte av det me har her og det me har fått til. Dette er ein fantastisk flott fjellgard med eit nydeleg tun. Grimdalstunet er det einaste tunet i Telemark som er slik det alltid har vore, seier Ingrid Apeland.
– Det kjennes heimsleg her. Eg kjenner eit ansvar for staden og at eg på ein måte høyrer til her, held ho fram.
Dei andre er einige.
Nostalgi
Sola skin over Grimdalstunet. Småfuglane kvitrar og det ligg nokre få snøflekkar igjen på tunet. Graset byrjar å bli grønt og frodig. Trea har fått blad og dyreskulpturane på tunet er omringa av kvitveis. På ein slik vakker plass kan ein bli sitjande i timesvis. Det er ikkje rart at Torunn, Randi, Margit, Jorunn, Ingrid og Elin kjem tilbake hit gong etter gong.