Underskot gjev budsjettkutt i Vinje
Rådmann Hans Kristian Lehmann varsla økonomiske innstrammingar i Vinje kommune då han orienterte kommunestyret torsdag. Ledige stillingar skal også vurderast. Underskotet i 2009 vert truleg mellom fem og ti millionar kroner.
I fylgje rådmannen er ikkje rekneskapen for 2009 endeleg avslutta. Formannskapet vil 25. mars få talfesta storleiken på underskotet, og politikarane vil då ta fatt på arbeidet med tiltak for å få balanse mellom budsjett og utgifter.
Eg kan ikkje her og no seie kor stort underskotet vert, men vil poengtere at det ikkje er snakk om krise i den kommunale økonomien. Tidlegare år har det også vore einingar som ikkje har fått rammene til å strekkje til. Då har økonomien vore så romsleg at ein har nulla ut overskotet. Ein kan sjølvsagt drøfte om det har vore ein heldig praksis, sa Lehmann.
Artikkelen held fram under annonsen.
Administrasjonen har alt sett i gang eit arbeid innanfor skule- og barnehagesektoren, slik at dei skal få meir føreseielege økonomiske rammer å halde seg til. Ein tilsvarande jobb kjem no innanfor omsorgssektoren.
Elles er det bestemt at det ikkje automatisk skal tilsetjast folk i ledige stillingar i kommunen. Kvar ledig stilling skal verte vurdert for mellom anna å sjå på om ein kan spare stillingar gjennom omorganisering. I framtida kan ikkje kommunen halde fram å bruke meir pengar enn det er dekning for i budsjetta, sa rådmannen.
Alternative pengar
Hans Kristian Lehmann poengterte fleire gonger at han ikkje snakka om krise i kommuneøkonomien, men at tida med det han kalla behagelege overskot i Vinje kommune er over. Difor er det ikkje lenger så lett å finne alternative pengar når einingar har gått med underskot.
Kommunestyrets medlemmar har eit ansvar for å støtte opp om dei innskjeringstiltak som kjem. Politikarane kan difor ikkje stille seg bak alle ropa om meir pengar som heilt sikkert vil kome, formana Vinje-rådmannen.
Varaordførar Aslak Ofte (Sp) konstaterte at kommunen går mot trongare økonomiske tider og at alle måte syne måtehald.
Måtehald har me tenkt på lenge. Kommunestyret vedtok å kutte ein prosent i årets driftsbudsjett i høve til framlegget frå rådmannen, minna Aslak Ofte om.
Åtvara mot ostehøvelen
Halvor Lognvik (Frp) meinte det var på tide at Vinje kommune slår på bremsene. Han åtvara likevel mot å bruke ostehøvelen når kutta kjem, og oppmoda om at kvar eining vert vurdert for seg sjølv.
Fyrst må me redusere kostnadane til ikkje lovpålagde oppgåver og på område som ikkje er så viktige for innbyggjarane. Elles er det eit skritt i rett retning at ein vil vurdere talet på stillingar i kommunen, meinte Lognvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
I 2010 skal Vinje kommune investere 118 millionar kroner. I fylgje Lognvik var det altfor ambisiøst. Han var uroleg for den samla gjeldsbyrden kommunen etterkvart får, og bad om at administrasjonen ser nøye på om alle investeringane trengst.
Alvorleg signal
Børre Rønningen (Ap) sa at den økonomiske utviklinga i kommunen gav grunn til uro. Han hevda at det som har skjedd med kommuneøkonomien er like mykje eit politisk som administrativt ansvar. Ap-gruppeleiaren meinte at både ordførar og varaordførar er ansvarlege for å sjå signala.
Når me vert varsla om at kommunen går med underskot, og det er tendensar til stillingsstopp, er dette alvorlege signal. Me burde hatt ei skikkeleg utgreiing på bordet, sa Børre Rønningen.
Ordførar Arne Vinje (SV) repliserte at politikarane får tertialrapportar løpande, slik at den økonomiske rapporteringa har skjedd i tråd med vanleg praksis tri gonger årleg.
Halvor Midtveit (Ap) var samd med rådmannen i at politikarane måtte stå imot press frå innbyggjarar som klagar si nød. Når det er gjort vedtak om å redusere budsjettet måtte politikarane stå fast ved avgjerda.
Rådmann Hans Kristian Lehmann gav etter ordskiftet uttrykk for at han ikkje er tilhengjar av å skjere budsjetta etter ostehøvelprinsippet. Reglane er slik at ved underskot skal einingane dekkje dette inn i løpet av to år.
Elles er det rett at investeringsbudsjettet er høgt. Det er eit uttrykk for administrasjonens og politikaranes ambisjonsnivå. Avdrag og renter på investeringane uroar meg ikkje så mykje i høve til dei driftsutgiftene som fylgjer med alle nye tiltak, sa rådmannen.
Ordførar Arne Vinje poengterte at det ikkje er krise i kommuneøkonomien. Han åtvara politikarane mot å agere som om Vinje kommune er råka av ei stor krise.