Held møte for møta sin del
Halvor Midtveit (Ap) meiner sakslista til sist kommunestyremøte er eit prov på at det skjer lite i Vinje kommune. Vararepresentanten trekte seg frå møtet på Mogen i september. No ser det ut til at det vert halde møte berre for møta sin del, skriv Midtveit i eit brev til kommunestyret. Ordførar Arne Vinje presiserer at dei folkevalde både har ein rett og ei plikt til å møte. Til sist møte var berre 21 av 25 plassar i kommunestyret fylt. No har ordføraren skrive brev til dei folkevalde med ei påminning om plikta dei har.
Ein kjent politikar har uttala: «Politikk er å ville noko». Det ser det ut for at det lite av i Vinje kommune i dag, skriv Halvor Midtveit i eit brev til kommunestyret i Vinje ved ordførar Arne Vinje.
I brevet, som blei sendt før kommunestyremøtet på Mogen turisthytte i midten av september, gjer han greie for kvifor han ikkje kom til å møte i det øvste kommunale organet.
Artikkelen held fram under annonsen.
No ser det ut til at det vert halde møte berre for møta sin eigen del. Slik som dette er me ikkje tent med. Eg vil i alle fall ikkje deltaka sjølv om det kunne vera koseleg med ein båttur til Mogen, skriv Midtveit.
Skjer lite
Saklista bestod av referat og meldingar, halvårsrapport frå skatteoppkrevjaren, kvartalsrapport og endring av ein reguleringsplan.
Midtveit er vararepresentant for Arbeidarpartiet i kommunestyret i inneverande valperiode, og har 30 år bak seg i lokalpolitikken i Vinje. Midtveit svara fyrst ja til å stille på det aktuelle møtet, men trekte seg då han såg saklista.
Det skjer lite i Vinje. Desse sakene er sjølvsagde ting som utan problem kunne vore utsett til neste møte. Ein kan ikkje halde folk for narr ved å kalle inn til møte med slike saker, meiner Midtveit, som hevdar mange av kommunestyrerepresentantane reagerte på saksinnkallinga.
Eg har i alle år prøva å møte på dei møta eg er innkalla og valt til, fordi eg har sett det som ei oppgåve å prøve å påverke til det eg og mitt parti meiner er det beste for innbyggjarane i Vinje, understrekar han.
Rett og plikt
Ordførar Arne Vinje registrerer at Midtveit ikkje syntes sakene var viktige nok for å kalle inn til møte, og viser til at det må sterke grunnar til for å melde forfall.
Når du likevel melder forfall ut frå di eiga vurdering av at møtet ikkje er viktig nok, kan dette snautt kallast gyldig grunn, svarar Vinje i brev. Ordføraren valte å ikkje kalle inn vararepresentant frå Arbeidarpartiet, som dermed fekk ei redusert gruppe i møtet.
Korleis ser du på at ein representant ikkje møter fordi sakene ikkje er viktige nok?
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei folkevalde har fått ein rett til å møte, for å kunne påverke det som skjer i kommunen. Men på same tid har dei også ei plikt til å møte. Det er utruleg viktig for lokaldemokratiet at dei folkevalde tek dette mandatet alvorleg. Om representantar melder avbod på eige skjønn blir det fort vanskeleg å styre, meiner Vinje.
Ordføraren seier det var fleire grunnar til møteinnkallinga.
Det er eit poeng å halde møteplanen. Dessutan var det viktig å godkjenne kvartalsrapporten som er eit viktig styringsdokument i samband med budsjettarbeidet. Det var også viktig å vedta reguleringsplanen. For det fjerde er det greitt at kommunestyret kan samlast litt sosialt ein gong i blant kring noko anna enn berre kommunestyremøte, seier Vinje, og karakteriserer turen som veldig vellukka.
Grunna arbeid med ventilasjonsanlegget på kommunehuset måtte me ha møtet ein anna stad. Me la det til Møsstrond fordi det er ein viktig del av kommunen me ikkje er så ofte.
Skjedde meir før
Midtveit kallar avgjerda om ikkje å møte «eit varsel», og etterlyser ein ny kurs. Han meiner det skjedde meir i førre valperiode og trekkjer fram polet og likningskontoret til Åmot, og hyttebygginga i Rauland og Vågslid som døme.
Midtveit meiner også ordføraren burde ta det politiske ansvaret og seie kva han meiner, framfor å ta runden i administrasjonen, og trekkjer fram gåva frå Flatlandslegatet som ei sak som blir trenert. Arne Vinje karakteriserer utspelet som «ei ytring frå opposisjonen».
Det skjer noko heile tida i Vinje kommune. Både «innan- og utanriks», seier Vinje.
Børre Rønningen er gruppeleiar for Ap i kommunestyret. Han seier Midtveit på eit sjøvstendig grunnlag har tatt ei avgjerd om ikkje å møte på det aktuelle møtet.
Artikkelen held fram under annonsen.
I blant kan det vera plausibelt å reagere slik. Det skal mykje til for ikkje å møte, og det er strenge reglar. Men av og til må ein ha moglegheit til å seie i frå, meiner Rønningen.
Terskelen kan ha blitt for låg
Ordførar Arne Vinje har no sendt brev til alle dei folkevalde i kommunen, der han minner om rettane og pliktene ein har når ein blir valt inn i lokalpolitikken.
Brevet er ei generell påminning om den klåre plikta dei folkevalde har, forklarar han.
Vinje viser til kommentarane til kommunelova, som åtvarar sterkt mot å gli ut i ei praktisering som kan føre til at møteplikta blir uthola; «Foruten å være direkte lovstridig, vil dette selvsagt kunne medføre alvorlige problemer for organets saksbehandling og beslutningsdyktighet. Ansvaret for å hindre en slik utvikling vil i første rekke ligge hos det enkelte organs leder».
Har det sklidd ut?
Det kan vera at terskelen for å melde forfall har blitt for låg, seier ordføraren.
Til sist møte fekk elleve kommunestyrerepresentantar godkjent forfall til møtet på Mogen turisthytte, og berre 21 av 25 plassar i kommunestyret var fylte. Verken Arbeidarpartiet eller Senterpartiet klarte å stille fullstendig liste.