Blinde Remi Kleiv syklar utan frykt. 2. joledag viser NRK1 sykkelturen han tek frå huset heime i Kviteseid og bort til skulen.
Blinde Remi Kleiv syklar utan frykt. 2. joledag viser NRK1 sykkelturen han tek frå huset heime i Kviteseid og bort til skulen.

Den utrulege sykkelturen kjem på fjernsynet i romjola

I sommar møtte VTB Remi Kleiv (10) frå Kviteseid då han framleis øva seg på å sykle skuleruta si. Det var me ikkje åleine om å gjera. 2. joledag dukkar den blinde guten opp på NRK Super.

Femteklassingen mista synet som nyfødd, då legane oversåg at blodåra til netthinnene til Remi stoppa å vekse rett etter fødselen. Etter kort tid kollapsa netthinnene, og gjorde guten heilt blind.

Men den tøffe 10-åringen har aldri vore redd for å leve livet sitt akkurat som han har ønskt. Ein av tinga han ville gjera saman med jamaldringar var å sykle til skulen i Kviteseid om morgonane. Med ein sykkel frå hjelpemiddelsentralen, eit enormt pågangsmot og mykje øving fekk han det til. Og det heile blei dokumentert av eit filmteam frå NRK-serien «Sånn er jeg, og sånn er det», som skal bli vist i programmet «Julemorgen» i år. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Episoden om Remi skal etter planen kome på skjermen 26. desember.

– Han gler seg til programmet skal bli vist på fjernsynet. Då han såg episoden for fyrste gong fekk eg inntrykk av at han var stolt og fornøgd, seier mor til Remi, Aina Mari Kleiv.

Viktig å finne ei eiga grense

Filmteamet følgde Remi i om lag halvtanna år. Etter den lange prosessen gler mor og son seg til at sluttresultatet bli vist på fjernsynet – og til å sjå korleis sjåarane reagerer på det.  

– Håpet er at Remi kan vise at det meste er mogleg til tross for synstap. Så lenge drivkrafta er sterk nok og me som er rundt er villige til å leggje til rette, skal det vera mogleg å få prøve. Eg håpar at dette kan inspirere andre som er rundt barn med synshemmingar til å gjera det same. Det er ikkje alltid alt går som ein drømmer om eller vil, men like viktig er det å finne ei eiga grense og kjenne på eigen kropp kor den grensa går. Det er viktig å få prøve, for då slepp ein å gå rundt og bera på ein draum eller eit sterkt ønskje, seier Aina Mari.

Ho vil også gjerne at episoden skal vise folk at Remi berre er ein heilt vanleg gut.

– Ved å la omverda bli litt kjende med Remi og la dei få innsyn i litt av hans kvardag, kan det kanskje vera med på å «ufarleggjere» det å møte på menneske med synshemming. Det hadde vore fantastisk, avsluttar ei stolt mor.