Folk treng hus
men nesten ingen hus er ledige. Marit Svenning Berg, Kristian Holtberget og vesle Oskar flytta til Rauland hausten 2011. Dei er ein av mange familiar som lenge har leita etter hus i Vinje. Bustadmarknaden i Rauland, Åmot og Haukeli/Edland er så godt som ikkje-eksisterande. No vil kommunen ta grep for å stimulere til nybygging.
På Finn.no ligg tre bustader i Vinje til sals. Ein i Særensgrend, ein i Berdal, og ein på Møsstrond, sistnemnde med pris på fem millionar kroner. I og nær sentruma Åmot, Rauland og Haukeli/Edland er det svært vanskeleg å koma seg inn på bustadmarknaden dersom ein ikkje ynskjer eller har økonomi til å byggje sjølv.
Marit Svenning Berg og Kristian Holtberget har vore på utkikk etter eit hus å kjøpe sidan dei flytta til Rauland i oktober 2011. Dei tenkte det var meir realistiske å kjøpe eit hus og pusse opp, enn å starte på null og byggje sjølve.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men det var ikkje bruka hus å oppdrive, og no har dei bestemt seg for å byggje. Paret var heldige og fekk ei av dei siste tomtene i det kommunale Såtehov-feltet, som straks er heilt fullt av nye hus.
Me hadde kjempeflaks då me fekk leige huset me bur i no. Det var visst veldig mange som var interesserte, seier Marit.
Og så hadde me flaks då me skjønte at me måtte byggje, og fekk kjøpe den fine tomta som brått blei ledig att, legg ho til.
Å springe ut på plenen
Til våren startar dei bygginga, takka vere kommunalt subsidierte tomter i bustadfeltet. Eigentleg hadde dei ikkje tenkt å flytte til Rauland i det heile. Kristian gav klart uttrykk for at Rauland, der Marit er oppvaksen, var for lite til at det blei aktuelt å busetje seg der.
Men så fekk Kristian, som er idrettspedagog, eit sommarvikariat på rehabiliteringssenteret AiR. Då han oppdaga kor stort og godt miljø det er rundt mange av dei som jobbar ved senteret, såg han brått litt annleis på saka. Dessutan hadde situasjonen for paret endra seg dei var ikkje lenger berre to. Med Oskar på armen flytta dei då Kristian fekk fast jobb ved AiR i oktober 2011.
Me ville ikkje bu i blokk lenger. Me har båe vakse opp slik at me berre kunne springe rett ut på plenen, og slik vil me at Oskar skal ha det også, seier Marit, som fekk seg jobb som fysioterapeut etter barselpermisjonen.
Trist med tome hus
Ekteparet har fylgd litt med på debatten om buplikt.
Me registrerer jo at mange fine stader står tome eller blir bruka som hytter. Det er trist. Det er mange av oss som er ute etter å busetje seg på slike stader, seier dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når det er sagt, ser me jo at me er heldige som bur i ein kommune som tilbyr billige tomter og god tilrettelegging, seier Kristian.
Også barnehagetilbodet er ein viktig plussfaktor for dei to.
Noko anna som er veldig bra med Rauland, og som er noko av grunnen til at me flytta hit, er at ein har store arbeidsplassar som trekkjer ulike typar folk hit, som AiR og høgskulen. Friluftsliv- og idrettsmiljøet rundt AiR trekkjer med seg lokale og slik blir det større miljø, seier Marit.
Kristian er imponert over kor raskt han blei inkludert i fellesskapen.
Eg hadde ikkje budd her meir enn 14 dagar før eg blei beden med på ting. Det er viktig å vidareføre, seier han.
Dei håpar at flest mogleg som er innom bygda for å arbeide, vel å slå seg ned. Men då må dei ha hus. Og å byggje hus når ein ikkje veit om ein vil bli her resten av livet, kan vera ei risikabel investering. Ein kan ikkje rekne med å få att dei pengane ein legg i det, dersom ein ynskjer å selje att. Difor er det ekstra problematisk at det finst så få bruka hus på marknaden.
Men Marit og Kristian er sikre i si sak, og om ei stund står det endå eit nytt hus klart i Øvre Såtehov. Eit hus der Oskar kan springe rett ut på plenen.
Leitar etter hus
Elin Skinnarland og Sjur Widme Ohren har også merka den tronge bustadmarknaden på kroppen. I eitt og eit halvt år har dei leita etter fast bustad. Sidan Elin, som er sjukepleiar, er tilsett i Vinje kommune, får dei leige kommunal bustad i tre år for ein rimeleg penge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjur arbeider som fastlege på Rjukan, medan Elin har arbeidsstad i Åmot. Difor er det viktig at dei bur ein stad mellom Rauland og Møsstrond.
Dei håpar å finne eit hus å kjøpe etter kvart, og ser for seg ein bustad utanom dei største bustadfelta.
Det er noko av det som er attraktivt med Rauland, det å kunne bu litt for seg sjølv. Dei kommunale tomtene er eit veldig godt tiltak, men det passar ikkje så godt for oss, seier paret.
Få private bustadtomter
Men det er ikkje så lett å få tak i tomter utanom bustadfelta. Mange vil selje hyttetomter, men bustadtomter er ikkje like lukrativ butikk. Difor er det førebels lite av slikt på marknaden. Elin og Sjur ynskjer uansett helst å kjøpe hus framfor å bygge.
For det krev mykje å setje i gang med husbygging.
Det er ikkje pengane som avgjer, men det er tungt å bygge hus når ein har jobbar som krev mykje, seier Sjur.
Dessutan har det jo vore eit argument for å flytte hit at ein får mykje meir hus for pengane her enn i byane. Viss det forsvinn, er kanskje eitt av dei sentrale trekkplastra vekk for mange, legg han til.
Dei har ikkje gjeve opp håpet om å finne det som kan bli draumehuset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter kvart byrjar ein jo å lure på om det kjem til å ordne seg. Men me gjev ikkje opp, smiler dei.
Kommunen tek grep om bustadpolitikken
Ei breitt samansett gruppe i kommunen skal finne tiltak som kan løyse bustadutfordringane.
Dei siste åra har folketalet i Vinje så smått starta å bevege seg oppover att, og kommunen passerte 3.700 innbyggjarar i fjor. Men om den sterkt ynskte folkeveksten skal halde fram, må folk ha ein stad å bu.
Me opplever ei stor interesse for å busetje seg her i kommunen. I lang tid har me lagt ut sterkt subsidierte tomter i sentrale område for å imøtekoma interessa. Personleg synest eg det vil vera verdifullt at ein stimulerer også dei som ynskjer å busetje seg i utkantane, seier ordførar Arne Vinje.
Han ser det difor som positivt at kommunen har praktisert ei meir liberal haldning når det gjeld å dele frå bustadtomter.
Somme av oss meiner òg at ei restriktiv bupliktordning vil gje lågare bustadprisar, seier Vinje.
Han stemte for å innføre buplikt for nær slekt ved overtaking av bustadhus då kommunestyret hadde saka oppe etter nyttår, men han og meiningsfellene hans tapte med minst mogleg margin.
Vil ha nybygg
Det er ikkje slik at kommunen har ansvar for å skaffe og bygge bustader til alle som vil ha. Men Vinje kommune treng fleire tiltak som aukar talet på bustader. Rådmannen har i den samanhengen sett ned ei administrativ bustadgruppe som skal fremje ei sak til politisk handsaming før sommaren, med mål om at politikarane kan vedta ein heilskapleg, strategisk plan for bustadsatsing i Vinje kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er to ting me i hovudsak skal sjå på: Korleis me skal hjelpe dei me har plikt til å hjelpe og ivareta måla i bustadsosial handlingplan, og korleis me skal stimulere til nybygging, seier assisterande rådmann Tor Eivind Erikstein.
Han sit i bustadgruppa saman med rådmann Hans Kristian Lehmann, organisasjonssjef Aud Groven, helsesjef Kari Dalen, integreringskoordinator Olaug Øverland, Olav Ringhus frå teknisk etat og Dorthe Huitfeldt frå eining for økonomi, plan og utvikling.
Me vil ha fleire nybygg i kommunen. Fleire hus som står der, rett og slett. Me treng nybygg til alle føremål, og vil mellom anna freiste å få til samarbeid med private aktørar og bustadbyggjelag om bygging, seier Erikstein.
Kommunen sit dessutan på store bygningsmassar som ikkje har vore politisk godt nok ivareteke, seier ordføraren.
No skal me prioritere dette, slik me har prioritert dei kommunale vegane i det siste, seier Vinje.
Både han og Erikstein er opptekne av etterbruk av bustader, som dei som blir ståande tome når Kårsteinbygget står ferdig. Det er eit av punkta gruppa skal sjå på og legge fram for politikarane.