3 år gamle Undone med glade eigarar etter å ha vunne Norsk Travkriterium.
3 år gamle Undone med glade eigarar etter å ha vunne Norsk Travkriterium.

Jubla for landets beste 3-åring

For eigarane som fylgde oppløpet frå sidelina blei det ei påkjenning av dei sjeldne. Men ved målstreken kunne dei sleppe jubelen laus: Undone frå Fyresdal er landets beste 3-åring.

– Alle var like galne og bar seg som ungar på oppløpet. Det var kjempestemning, seier trenar og ein av dei ti eigarane, Petter Hvistendahl.

Han har så vidt fått summa seg etter at Undone sundag vann Norsk Travkriterium for varmblodshestar, det største løpet for norskfødde 3-åringar. Stortråvarar som Thai Tanic, Jetstile og Tinita Love har alle starta karrieren med denne storløpsigeren. No har også Undone gjort det.

Artikkelen held fram under annonsen.

3-åringen frå Fyresdal leia frå tet til mål og tok ein historisk triumf på Bjerkebanen. Aldri tidlegare har ein hest frå Vest-Telemark vunne det prestisjetunge løpet med 750 000 kroner i fyrstepremie.

– Det er ei merkeleg kjensle. Utruleg moro, oppsummerer Hvistendahl på telefon medan han ventar på middag i Oslo.

Kanonløp

Kusk Johan Herbjørn Undem uttala etter løpet at han nok starta spurten for tidleg. Den same tanken hadde trenaren då han såg kva som skjedde i den siste svingen. Men Undem og Undone heldt unna for Geir Vegard Gundersen bak favoritten Glen Ord Superb.

3 år gamle Undone med trenar Petter Hvistendahl.
3 år gamle Undone med trenar Petter Hvistendahl.
3 år gamle Undone og kusk Johan Herbjørn Undem kryssar målstreken fyrst.
3 år gamle Undone og kusk Johan Herbjørn Undem kryssar målstreken fyrst.

– Eit kanonløp, er karakteristikken frå trenaren.

I kvalifiseringa til kriteriet tangerte Undone noregsrekorden. Sundag gjorde han den til sin med kilometertida 1.14,0. Hvistendahl nyttar høvet til å rose kusk og gjengen som var med på storløpet på Bjerkebanen.

– Ein herleg gjeng.

Revansje for derbynederlag

Før løpet var han som vanleg usikker. Han var spent på om Undone kom til å forsvare teten frå 1. sporet og om han heldt seg unna galoppen. Det var aldri fare på ferde. Undem hadde kontroll og konkurrentane var mest interessert i ryggen på nestfavoritten i spelet.

For Hvistendahl var det ein revansje frå då No Mans Land som favoritt blei nummer to i Derby (finalen for 4-åringar) for fem år sidan. Då var krinsen rundt hesten litt skuffa. Sundag var det berre glede og jubel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me får håpe det ikkje stoppar med dette. Dette var fyrste kapittel. Me har ikkje lagt dei store planane framover, men det kan bli aktuelt å delta på Klosterskogen i slutten av september. Det hadde vore stas å vise han fram på heimebane, seier Hvistendahl etter si største oppleving på ein tråvbane.

Før sundagens løp hadde Undone køyrd inn vel 100 000 kroner etter fem sigrar på karrierens sju fyrste løp. Det åttande blei jackpot og 750 000 kroner inn på kontoen.

 

– Det største eg har opplevd

Geir Bjaaland er ein nestor i tråvmiljøet i Fyresdal. Han er leiar i tråvlaget, og ein av dei som eig Undone. Han hadde ikkje høve til å vera på Bjerkebanen, men fylgde løpet frå stova heime i Fyresdal.

– Det blei utruleg spennande, og utan tvil det største eg har opplevd i tråvsporten, seier Bjaaland.

– Kor lenge har du vore involvert i sporten?

– Alt for lenge, seier han og ler.

Det starta med ein tippegevinst tidleg på 80-talet. Med V6-gevinsten kjøpte han avlshoppa Proved Mary – tippoldemora til sundagens kriterievinnar Undone.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då fann eg ut at hest var tingen. Eg fører ikkje rekneskap, men har vore privilegert, seier han om hestane han har eigd.

Mary Ribb, Superina Land og Sugarina Land (mora til Undone) fylgjer i arverekka som starta for vel 30 år sidan. I dag står tre av avkoma etter Sugarina Land i Fyresdal. I tillegg til Undone, står Bjaa Land (4 år) og Ubet (1 år) der.

Bjaaland er etter eige utsegn «for gamal» til å feire ein siger som den han opplevde sundag, men han snakka med både kusk Undem og trenar Hvistendahl etter løpet.

– Undone er den beste hesten som har vore på stallen i Fyresdal, konkluderer tråvveteran Bjaaland.