Action i Arabygdi
Den norsk-engelske storfilmen «Age of heroes» blir i desse dagar spela inn i Vinjes storslegne natur.
«Age of heroes» er eit storslege actiondrama med handling frå andre verdskrig. Den verdskjende skodespelaren Sean Bean, mellom anna kjend som Boromir i megasuksessen «Ringenes Herre», spelar hovudrolla som Jones. Han er mannen bak kommandosoldatgruppa som var forløparen til Storbritannias elitestyrkar. I filmen er kommandosoldatane på oppdrag i Noreg.
Naturen her i Vinje har alt den oppfyller alle krav til korleis eg hadde sett det for meg. Dessutan gjer det at me filmar i Noreg, her handlinga faktisk skal gå føre seg, at alt blir svært truverdig, seier Bean då VTB møter han i Arabygdi denne veka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og det er jo heilt nydeleg her. Spektakulært, rett og slett, legg han til, tydeleg imponert over landskapet.
Hennie i krigen igjen
Neste veke reiser filmcrewet tilbake til Vågslid for å filme der. Over halve filmen kjem sannsynlegvis til å gå føre seg i Noreg. Mange av skodespelarane er norske, og blant dei finn ein mange velkjende namn.
Aksel Hennie, Christian Rubeck og Vegard Hoel er alle kjende andlet frå lerretet. Hennie og Rubeck har mellom anna spela saman i «Max Manus» som høvesvis Manus sjølv og Kolbein Lauring, medan Hoel er kjend frå «Død snø» og «Tomme tønner».
Kvar dag når me køyrer til settet sit me omringa av engelskmenn som gispar beundrande av dei flotte omgjevnadene. Ein blir litt stolt då, og så lyg me på oss at me kjem frå stader som også ser slik ut, gliser Hennie, som òg er glad dei får spele inn filmen i eit område som har historisk tilknyting til krigen.
Han spelar Steinar, ein nordmann med bakgrunn frå US Marines. Max Manus-kollega Rubeck har ei litt mindre sympatisk rolle.
Eg spelar den sadistiske SS-offiseren Model. Ein blir nesten litt kvalm av å setje seg inn i slike roller, for ein må ha guarden nede og prøve å ta inn alt det onde. Men det er alltid moro å spele «bad guy», innrømmer Rubeck.
Lokale heltar
I zombiefilmen «Død snø» blir Vegard Hoels rollefigur drepen av nazistar. No gjenstår det å sjå om dei let han leve i denne filmen. Hoel spelar ein bonde på ein gard i Arabygdi, der han bur saman med det som sikkert er kjende fjes for mange i Vest-Telemark. For Per Kjetil Tveito, Arild Hamre, Fredrik Damberg og Andreas Bjugn kjem alle frå Vinje, og er bondestatistar i «Age of Heroes».
Me trudde me skulle stå i bakgrunnen og hogge ved eller noko. Men me har blitt dratt med i handlinga og har vore framfor kamera store delar av dagen, seier Tveito nøgd mellom slaga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er skikkeleg artig å få vere med på dette. Det er ikkje kvar dag ein blir slengt rundt av tyske SS-soldatar, ler den blide statistgjengen.
Regissør Adrian Vitoria var imponert over innsatsen til dei lokale statistane.
Dei er heilt strålande. Det er vanskelig nok for ein profesjonell skodespelar å setje seg inn i ein så dramatisk situasjon som dei må i dag, men dei tok på seg rollene med ein gong. Alle nordmennene på settet her er svært hardtarbeidande og engasjerte. Så når ein legg til at me ikkje kunne vore på ein vakrare plass, er det eit flott utgangspunkt for å lage film, seier regissør Vitoria.
Den perfekte staden
Logistikkmessig er dette ein forferdeleg dum stad å spele inn film på. Vågslid og Arabygdi ligg fem timar frå alt. Men dei spektakulære og dramatiske omgjevnadene gjer at det er verdt det. Me måtte gå for den mest perfekte staden, og det var her, seier produsent Jan Eirik Langøen i Moskus Film.
Han har vore med på produsentsida i store norske produksjonar som Max Manus, Upperdog og Fritt vilt.
Spesialiteten min er vel det du kan kalle «fjellporno», smiler han, og siktar til storslegne og mektige bilde frå fjellheimen.
Fjellbilda i trailerane kjem til å selje denne filmen i utlandet, meiner Langøen.
Lokal velvilje
Han er svært takksam for all hjelp og støtte dei har fått frå lokalmiljøet og offentlege etatar i Vinje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då hydraulikken på ein lastebil blei øydelagt, var det ein som kjende ein som kunne kome og fikse det. Slik er det over heile linja. Dessutan har både lensmannen, kultursjefen og næringssjefen vore svært hjelpsame. Me har òg fått utruleg mykje hjelp frå Vågslidtun hotell, der me har basen vår. Alt dette gjer jobben min så utruleg mykje enklare, skryter Langøen.
Treng fleire statistar
Frå og med i dag treng filmfolka statistar som kan spele tyske soldatar. Desse må vere menn mellom 18 og 40 år. Har du lyst til å bli filmstjerne, send ein e-post med bilete og når du kan vere med til Jan Eirik Langøen i Moskus film (jel@moskusfilm.no).