Skogeigarane skal få levert tømmeret sitt
Skogeigarane i Vest-Telemark må ikkje ottast for om dei får levere tømmeret sitt fordi om Union i Skien blir lagt ned.
Adm. dirtektør Dieter Oswald i Agder-Telemark Skogeierforening (AT Skog) seier at dei reknar med at Norsk Skog står ved at auka transportavstandar ikkje skal gje dårlegare pris på massevirke.
Også neste år vil leveransene av tømmer til industrien skje på same måte som no. Det vert lenger transport når Union stoppar, men det skal ikkje gje utslag på tømmerprisen for skogeigarane i Vest-Telemark. Eg reknar med at Norske Skog står fast på lovnadene om at auka transportkostnader ikkje skal veltast over på den einskilde skogeigar, seier Dieter Oswald.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter spelet kring Union meiner du altså at det er grunn til å feste lit til lovnader frå leiinga i Norske Skog?
Lat meg seia det slik at dersom dei veltar auka kostnader i samband med transport av tømmer over på skogeigarane, er Agder-Telemark Skogeierforening budd på kamp. Men førebels er det ikkje grunn til å dramatisere situasjonen. Me avventar og ser kva som skjer, men kjem til å slåss for interessene for våre medlemmar, forsikrar Oswald.
Utmelding blir drøfta
Kjem Agder-Telemark Skogeierforening no til å gjere alvor av å melde seg ut av Norges Skogeierforbund?
Utmelding er eit veldig dramatisk skritt. Nå vil me internt i AT Skog drøfte vårt tilhøve til Norges Skogeierforbund. Spørsmålet kjem nok til å bli sentralt i dei møta dei lokale skogeigarlaga skal ha i vinter. Dette blir ein prosess der konsekvensen godt kan bli ei utmelding av Norges Skogeigarforbund. Ei endeleg avgjerd vil komme i april neste år, meiner han.
I dei ekstraordinære årsmøta i AT Skog har harmen over handteringa av Union-saka og støtta til styret i AT Skog vore stor. Konfliktane internt i skogeigarsamvirket er no så sterke at styreleiar Christian Ramberg i AT Skog stadfestar at AT Skog sitt tilhøve til Norges Skogeierforbund blir drøfta med stort alvor i tida frametter.
Til liks med Dieter Oswald reknar Ramberg med at Norske Skog står ved lovnadane at tømmerleveransar frå AT Skog sine medlemmar ikkje skal bli skadelidande når det ikkje lenger kjem røyk frå fabrikkpipene på Union.
Stopp 1. februar
Det var onsdag at bedriftsforsamlinga i Norske Skog vedtok å leggje ned Union i Skien med knappast mogleg fleirtal. Produksjonen av avispapir (PM7) vil stoppe i Skien alt 1. februar neste år, medan bokpapirproduksjonen (PM6) er tenkt stoppa 1. mars.
På bedriftsforsamlinga røysta dei to representantane frå AT Skog, KLP sin representant og dei tilsette ved Union sine representantar mot nedlegging.
Artikkelen held fram under annonsen.
Både i høve til framlegget om utsetjing og det endelege vedtaket gjorde dobbeltrøysta til leiaren i bedriftsforsamlinga, adm. direktør Ivar Korsbakken i Norges Skogeierforbund, utslaget. I fylgje AT Skog meiner dei at det i seg sjølv er oppsiktsvekkjande i ei slik sak, og at dette fortel om eit forarbeid frå leiinga i Norske Skog som ikkje held mål.
At det er brukt ganske sterke pressmiddel heilt fram til møtet i bedriftsforsamlinga starta, seier mykje om kor svakt forankra dette vedtaket er, hevdar Christian Ramberg.
AT Skog meiner at skogeigarsamvirket no hadde ein historisk sjanse til å leggje grunnlaget for ei framtidsretta verksemd ved kysten vest for Oslofjorden. Dette ville gitt nærleik til både råstoff og marknad. I staden blei det frå Norsk Skog-leiinga lagt fram som ei Follum mot Union-sak, der Norske Skog klarte å splitte både skogeigarsamvirket og dei tilsette.
Djup tillitskrise
Styreleiaren i Norske Skog, leiaren i Norges Skogeierforbund og to av medlemmane i bedriftsforsamlinga, har utspring i Viken Skog som held til på Hønefoss. AT Skog blei sitjande att som den einaste foreininga som framleis hadde tru på solidariteten i skogeigarsamvirket. Det er inga overdriving å seie at det er tillitskrise mellom Skogeierforbundet si leiing og skogeigarar og tillitsvalte i AT Skog. Det blir ingen enkel jobb å rette opp dette tilhøvet med dagens leiing i Norges Skogeierforbund, seier Christian Ramberg.
Ei naudsynt nedlegging
Dessverre er det naudsynt med nedlegging av Union for å sikre lønsemd og arbeidsplassar ved Norske Skog sine tri andre anlegg i Noreg, seier styreleiar Helge Evju i Norges Skogeierforbund.
Han seier seg lei for dette, ikkje minst overfor dei 380 tilsette ved Union.
Av dei sju aksjonærvalte medlemmane i bedriftsforsamlinga til Norske Skog med skogeigartilknytting var det fem som røysta for styret sitt framlegg om nedlegging, medan to røysta imot.
Evju understrekar at skogeigarsamvirket sitt hovudmål er å sikre ei framtid for treforedlingsindustrien. Tiltaka i Noreg for å betre lønsemda ser han på som ein føresetnad for å sikre skogeigarane avsetning for tømmeret også i framtida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fornying i Noreg skal sikre at det er tri sterke og framtidsretta foredlingsanlegg i landet, seier han.
Elles seier Evju at han er glad for at politikarane syner interesse for skogbruksnæringa, og han trur på ein vidare dialog.
Skogeigarsamvirket er nøydd til å skilje mellom rolla som industrieigarar og som leverandørar av tømmer til industrien. Det har vore årsaka til at me ikkje kunne gå med på ei direkte kopling mellom Union og rammevilkåra for skogbruket. Det ber eg om forståing for, seier Helge Evju.