Ynskjer rekreasjonsløyper
Stortingsrepresentantane Lene Vågslid og Sigvald Oppebøen Hansen (båe Ap) meiner kommunane må få lov til å etablere faste snøskutertrasear.
Tokkebuaren Lene Vågslid og nissedølen Sigvald Oppebøen Hansen representerer Telemark Ap på Stortinget. Toppolitikarane er klare over at endringar og justeringar i lova om motorferdsel i utmark er ei etterlengta sak. Båe har fått med seg dei siste dagars oppslag i VTB om snøskuterkøyring og ynskje frå Felle og Fjone om faste trasear i bygdene. I den samanhengen minner dei om kva Telemark Ap har sagt om kva lovverket bør innehalde framover.
Ap meiner det skal vere restriktiv bruk av motorferdsel i naturen. Derfor er det ikkje aktuelt å tillate meir liberal barmarkkøyring. Bruken av ATV er veksande og gjev varige sår i naturen, noko som ikkje er ynskjeleg, meiner Ap.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen bestemmer
På eit anna område er Ap med på at det kjem endringar.
Me har stor forståing for ynskja til oppsittarane på Felle og Fjone, og også andre stader i Vest-Telemark, som vil ha etablering av rekreasjonsløyper for snøskuter i nærområda. Det ynskjer også Telemark Ap, seier Vågslid og Oppebøen Hansen.
Båe har stor tru på lokaldemokratiet. Med den lokale kunnskapen som er i kommunane er dei betre enn statlege styresmakter til å forvalte spørsmål om snøskuterkøyring.
Derfor ynskjer me primært at slike spørsmål skal avgjerast av den einskilde kommune etter behandling gjennom plan- og bygningslova, seier dei to stortingsrepresentantane.
Ved ei slik praktisering kan kommunane sjølve bestemme, innafor lovas formål, eigne løypetrasear og eventuelle avgrensingar på heile eller delar av løypenettet. Politikarduoen nemner som døme farts- og køyretidsavgrensingar.
Vil ha avgjerd
Kommunane vil også i slike tilfelle sjølve bestemme løyvet og behovet for rekreasjons- og fritidskøyring. Eit døme er tilfellet på Fjone der innbyggjarane ynskjer å ha ein felles sosial dag på heia, seier Vågslid og Oppebøen Hansen.
Dei meiner elles det vil vere naturleg at Fylkesmannen bør ha tilsyn med at kommunane fylgjer intensjonen i lova, om dei ikkje avpassar seg i høve til formålet.
Eit fleirtal i stortingsgruppa til Ap har same synet i saka som det Telemark Ap meiner. Oppebøen Hansen konstaterer at det krevjast ei viss semje når det er tri parti i ei regjering.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire gonger i året stressar me i Ap spørsmålet om å få avgjort snøskutersaka. Eg håper presset blir så sterkt rundt omkring at regjeringa må konkludere snart, avsluttar nissedølen.