Kan få barnehage
Nissedalordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp) ser gjerne at det kjem barnehagetilbod på Felle.
Fleire foreldre på Felle i Nissedal kommune jobbar i Gjerstad og Åmli. Det gjer at dei også har barna sine i barnehagar i desse nabokommunane. To fellsingar nyttar barnehagetilbod i Åmli og tri er i Gjerstad.
Ei omlegging av inntektssystemet gjer at ordninga med å bruke barnehagar på tvers av kommunegrenser ikkje lenger er så lett. Statstilskot som kjem for kvart barn under seks år, går no direkte til kommunen der barnet er busett. Gjerstad har derfor spurd Nissedal kva dei vil gjere når innbyggjarar der brukar barnehagetilbod i andre kommunar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ta ansvar
Jobbsituasjonen til fleire foreldre på Felle gjer at det er umogleg å nytte det næraste barnehagetilbodet Nissedal kommune tilbyr, i Haugsjåsund. Sidan til dømes Gjerstad ikkje no får tilskot for å ha nissedalsbarn i barnehagen, må politikarane i Nissedal ta stilling til om dei vil betale ein vertskapspris. Kjem det ikkje pengar frå Nissedal, ser det mørkt ut for aktuelle barn å få barnehageplass i ein nabokommune. Eit ille resultat er om familiar då skulle velje å flytte for å sikre seg barnehageplass.
Foreldre på Felle som nyttar barnehagetilbod i annan kommune blir oppmoda om å halde fram med å søkje plassar der, men med atterhald om at Nissedal overfører pengar til nabokommunen. Vertskapsprisen er enno ikkje kjent.
Me må ta eit ansvar politisk med å finne pengar og ordne barnehageplassar i andre kommunar. Men fyrst må foreldre sannsynleggjere at dei ikkje kan nytte barnehagen i Haugsjåsund, seier Nissedal-ordførar Anne-Nora Oma Dahle til VTB.
Ho har vore på Felle siste tida og oppmoda foreldre om å kome med syn på kva dei ynskjer framover. Frå komande haust ser det ut til å vere åtte barn på Felle i barnehagealder.
Kanskje kan me lage eit barnehagetilbod på Felle. Det hadde gleda meg stort, seier Oma Dahle.
Innbyggjarane på Felle er i gang med ein diskusjon om kva ein er best tent med, men har enno ikkje konkludert.