Statsråd rosar samarbeid
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) gjev Gimle skule ros for måten dei har takla omdømmeproblemet sitt på. Prosjektet skal presenterast på ein konferanse i Oslo i slutten av august.
Presentasjonen skal gå føre seg i regi av Kvalitetskommuneprogrammet. Fyresdal kommune har blitt bedne om å presentere alle dei tre delane av prosjektet sitt, der omdømmebyggingsprosjektet til skulen er ein av dei.
Eit godt verktøy
For at elevar og foreldre skal ha tillit til skulen, er det viktig at dei blir tatt på alvor når det oppstår problem. Brukarundersøkingar kan vere eit godt verktøy for å avdekke kva som kan bli betre, seier kommunalminister Kleppa i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Undersøkinga viste at dårleg kommunikasjon mellom lærarar og foreldre var mykje av årsaka til den negative rykteflaumen skulen var utsett for. Dette problemet har alt blitt mindre, i fylgje Mona Breivik som var foreldrerepresentant i arbeidsgruppa for undersøkinga.
Eg merkar at lærarane behandlar meg og døtrene mine annleis no. Dei er meir imøtekomande, og det ser ut som det er mindre forskjellsbehandling, seier Breivik i ein artikkel Marta Camilla Wright og Gunnar Sørensen har skrive for Kvalitetskommuneprogrammet.
Breivik peikar òg på at slett ikkje alt som har vore sladra om på bygda har vore sant.
Rykte og sladder er berre negativt. Difor har eg lika godt å vere med i arbeidsgruppa, slik at me kunne få ting opp i dagen og påverke i riktig retning, meiner ho.
I den same artikkelen uttalar lærar Torill Bondal seg om prosessen.
Me skjønar at me ikkje har vore så flinke til å kommunisere med foreldra som me har trudd. Det skal me gjere noko med, seier ho, og legg til at rykta og den negative murringa har vore ei belastning for lærarkollegiet ved Gimle Skule.
Lærarane er klare til dyst og fulle av optimisme når dei tek fatt på eit nytt skuleår til hausten. Etter presentasjonen av undersøkinga tidlegare i sommar gav fleire lærarar ovanfor VTB uttrykk for at dei var glade for å ha fått svar på kva misnøya har botna i, så dei endeleg kan ta tak i problemet. Dei fortalde at presentasjonsmøtet dei hadde bar preg av stå-på-vilje og ny giv.
Det er til hausten arbeidet verkeleg byrjar, slår lærar Torhild Bondal fast.