Urimelege angrep på Børre Rønningen
Ordførarkandidat Arne Vinje (SV) reagerer sterkt på TA sin artikkel der Børre Rønningen blir personifisert som alt det kritikkverdige ved Vinje kommune. Det er grovt urimeleg, og ikkje det eg prøvde å få fram, seier Vinje.
Telemarksavisa hadde onsdag fyrstesideoppslag med tittelen «Vinje vraker Børre» og siterte Arne Vinje til: «Det som har vært utslagsgivende for oss er ønsket om å endre den politiske kulturen som Rønningen representerer». Intervjuet gjev inntrykk av at det er ein djup mistillit til Børre Rønningen som står i vegen for eit samarbeid mellom SV og Ap, og at det er eit mål å endre den politiske kulturen som Rønningen representerer.
Eg har ikkje sagt noko anna til TA enn andre media som har spurt om samarbeid etter valet. Det er rett at SV legg vekt på å skapa grunnlag for eit konstruktivt og inkluderande samarbeid mellom partia i Vinje, tufta på gjensidig tillit og respekt. I dette ligg det sjølvsagt ein kritikk av situasjonen i dag. På den andre sida er det grovt urimeleg å leggje alt ansvar for manglar og lyte ved den eksisterande politiske kulturen på ordførar Børre Rønningen, seier Arne Vinje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kritikken og frustrasjonane på dette området går mykje lenger attende i tid enn Rønningens periode som ordførar, og debatten om skuld er også av mindre interesse. Poenget mitt er at no må noko gjerast, og at Arbeidarpartiet så langt ikkje har stilt seg i spissen for dei som ynskjer å gjera noko, legg han til.
Ros til Rønningen
Eg har aldri meint at Børre Rønningen personifiserer alt det kritikkverdige ved Vinje kommune. Rønningen har i sin periode som ordførar lagt ned ein stor personleg innsats for å syte for best moglege vilkår for kommuneøkonomien, meiner Vinje
Han opplyser at tingingane etter valet enno ikkje har teke til, men at SV har avtalt eit formelt møte med Ap fyrstkomande måndag. Seinare er det også avtalt møte med konstellasjonen Sp, KrF og Høgre. SV er også opne for samtaler med Bygdelista og Frp, om dei ynskjer det, fortel han.
Dersom tingingane skulle resultere i eit skifte av ordførar, vil Børre Rønningen ta med seg den æra og respekten for innsatsen sin som han i høg grad har fortent. I kommunestyret og formannskapet vil han framleis vera leiar for den største partigruppa, og kompetansen hans på viktige saksfelt vil vera av stor verdi for kommunen, poengterer Vinje.
Ynskjet frå SV om å nytte dei menneskelege ressursane i Vinje kommune betre, er ærleg meint og det omfattar òg dei mange duglege representantane i Arbeidarpartiet, avsluttar han.
Ynskjer samarbeidstingingar mellom Ap og SV
Vinje Ap, ved leiar Aslak Dale, har sendt ut ei pressemelding der partiet ser det slik at «no har Ap og SV ein god moglegheit til å få til eit sosialistisk fleirtal i Vinje».
Me vonar at også Vinje SV er viljuge til å drøfte dette vidare, avsluttar den korte meldinga.
Børre Rønningen har også sendt ut ei presseuttale om konstellasjonane etter valet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg tek til etterretning det som har kome fram gjennom mediaomtale om nye konstellasjonar etter kommunevalet i Vinje, og har ikkje ytterlegare kommentarar til denne situasjonen, heiter det i uttala.