Gjensidige inn i bankbygget i Fyresdal

Gjensidige i Fyresdal tok sist onsdag i bruk det nye lokalet i bankbygget. Fram til no har Edvard Nesland hatt kontor heime.

– Sjølv om det på mange vis kunne ha sine fordelar (gå på jobb i tøflar t.d.), så var det ikkje berre greitt alltid, sa Edvard ved opninga av det nye kontoret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var nok ikkje alle kundane som var klår over at han faktisk hadde eige kontor heime og, somme trudde kan hende dei måtte sitje ved kjøkenbordet om dei drog heim til han for å snakke forsikring. Den evt. misforståinga skulle i alle høve vere luka bort no.

Les meir i VTB-arkivet her (ope for alle VTB-abonnentar/dagspass)