Enorme sprik i kommunale avgifter
Ein familie i Kviteseid må betale 8.777 kroner meir i kommunale avgifter, ein plass i SFO og ein plass i barnehage samanlikna med prisen på dei same tenestene i Fyresdal.
Forskar Audun Thorstensen ved Telemarksforsking i Bø har kikka nærare på korleis kommunane tek seg betalt frå innbyggjarane. Dersom ein vender blikket utanfor Vest-Telemark er skilnaden 25 prosent mellom Nome, som dyraste kommune, og Fyresdal. Til dømes krev Nome 26.059 kroner for ein SFO-plass, medan same kommunale tilbodet i Fyresdal kostar 14.080 kroner.
Når det gjeld skilnaden i satsane for ein plass i SFO er den så stor at ein kan stille spørsmål om dei dyraste kommunane i røynda krev inn ein ekstraskatt. Dette bør ein sjå nærare på sidan alle desse tenestene etter lova skal vere prisa etter sjølvkostprinsippet. Lova gjev ikkje kommunane høve til å tene på tilbod som SFO, barnehagar og kommunale avgifter som omfattar vatn, avlaup, renovasjon og feiing, fortel Audun Thorstensen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Vest-Telemark er det Kviteseid som krev mest i kommunale avgifter med 9.554 kroner rekna ut frå ein gjennomsnittsbustad på 120 kvm. eller ut frå eit forbruk på 150 kbm. (vatn og avlaup). Rimelegast ut i regionen kjem innbyggjarane i Tokke med 7.285 kroner.
I Telemark er det endå lågare kommunale avgifter i byane Skien, Kragerø og Porsgrunn på botn med 5.760 kroner per år.
Moms på avgiftene
Thorstensen minner om at dei kommunale avgiftene er momslagde, slik at det kjem 25 prosent i tillegg til dei kommunale avgiftssatsane. Det er ikkje moms på SFO og barnehage.
Både kommunale avgifter, barnehage og SFO må innbyggjarane betale med pengar dei har betalt skatt av. Og då kan ein leggje til ytterlegare 35-36 prosent i tillegg for å få fram kostnadsbiletet, seier forskaren.
I motsetnad til mange av dei andre kommunane i Telemark har ingen kommunar i Vest-Telemark innført eigedomsskat på bustader og hytter. Også her ligg Nome på topp med 3.500 kroner for gjennomsnittsbustaden i høve til Bamble som er lågast med 1.289 kroner.
Avgifter og busetnad
I kva grad er kommunale avgifter avgjerande for tilflytting og busetnad?
I fylgje attraktivitetsbarometeret Knut Vareide her ved Telemarksforsking arbeider med er det ingen samanheng. I sitt arbeid har han lagt inn kommuneøkonomien som variabel for tilflytting, men konklusjonen er at korkje kommuneøkonomien eller nivået på dei kommunale avgiftene er eit sentralt element i vurderingane folk gjer seg i samband med å flytte til ein bestemt kommune eller ikkje. Jobb og andre ting er langt viktigare for ei flytteavgjerd enn desse avgiftene, seier Audun Thorstensen som minner om at det er ganske mykje pengar å spare for ein familie om dei bur i ein rimeleg kommunane som Tokke. Vinje, Seljord og Fyresdal samanlikna med Nome, Sauherad og Notodden som tek seg best betalt i Telemark for tenestetilbodet sitt.
Thorstensen har elles funne ut at alle kommunane bortsett frå Hjartdal opererer med makspris for barnehageplass på 25.630 kroner for ein heilårsplass. I Hjartdal har dei «generøst» lagt seg 55 kroner under makssatsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølvkostprinsipp
Som nemnt skal ikkje kommunane tene pengar på tenestetilboda sine. Større investeringar i til dømes vatn og avlaup kan vere årsaka til store sprik mellom kommunane på avgiftsnivået. I grisgrendte område, som mange stader i Vest-Telemark, er kostnadene høge for å syte for fullgod infrastruktur der innbyggjarane bur.
Tala tyder på at fleire av kommunane reknar seg langt frå sjølvkost for tenester som vatn, avlaup og kloakk. Men det er ikkje forbode å subsidiere desse tenestene, understrekar Thorstensen.
230 kroner i skilnad
Feiing er ei teneste der årsgebyret sprikar så mykje at ein med god grunn kan undre seg over at dei som ligg høgst tek seg så godt betalt at dei tener pengar på feiinga. I så fall er det å sjå på som ein ulovleg ekstraskatt. Det er noko underleg at Vinje kommune må ha 450 kroner for å dekke kostnadene sine for feiartenesta, medan Fyresdal greier seg med 220 kroner i avgift.
Feieavgifta var også ein varm potet då Vest-Telemarkrådet drøfta og vedtok at feiartenesta i regionen skal vere interkommunal og underlagt Vest-Telemark brannvesen.
Når det gjeld feietenesta er det stort sett å sende ein feiar ut i felten med dei børstane som trengst til feiinga. Her er det vanskeleg å forklare skilnaden i gebyr med ekstra investeringskostnader.