Fekk endeleg bruke finkjolen
Øyunn Ralle Lognvik (4) gledde seg stort over å få vist seg fram i finkjolen. Høvet var den offisielle opninga av den nye avdelinga ved heildagsbarnehagen i Seljord.
Heilt sikker på kvifor det er fest i barnehagen er ikkje Øyunn Ralle Lognvik. Men eitt er sikkert, festen er i alle fall så viktig at det må finkjole til. Ho har gledd seg veldig mykje. Øyunn tek ein sving på golvet for retteleg å vise kjolen. Den brukar ho bare til stas. Siste gong var joleftan.
Kake for liten og stor
Jamgamle Elisabet Nilsen har heller ikkje heilt klart for seg kvifor det er fest, men det gjer ingenting så lenge det er kake og kuli å få. Derimot har det møtt fram ein gjeng som nok ikkje er det minste i tvil om kvifor dei er der; den politiske og administrative leiinga i kommunen. Tilliks med Øyunn vil dei kanhende vise seg litt fram, og dei ser ut til å vera like glade i kake som Elisabet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunalsjef Oddvar Hallaråker karakteriserer utvidinga av barnehagen som ei solskinshistorie. Bygget var planlagt ferdig til 1. desember, og stod klart på dagen. 10. desember flytta dei tolv ungane ut frå rektorbustaden ved den vidaregåande skulen og inn i den nye 120 kvadratmeter store avdelinga, eit bygg som til slutt fekk ein prislapp på kring 2,3 millionar kroner.
Barnetalet svingar
Slik stoda er no har Seljord kommune tilnærma full barnehagedekking, fortel kommunalsjefen. Neste steg er å byggje ny barnehage til erstatning for Badet. Når den vil stå ferdig, kan ikkje Hallaråker seia noko om.
Han fortel at barnetalet i Seljord er veldig svingande frå årskull til årskull. I tillegg er utviklinga slik at fleire foreldre ynskjer å ha ungane i barnehagen fleire vekedagar, ein tendens som er den same i heile fylket, i fylgje kommunalsjefen.
Fleire barnehageplassar også i Åmotsdal og Flatdal
Om kommunestyret i Seljord er samd med formannskapet, blir det frå hausten av utvida barnehagetilbod både i Flatdal og Åmotsdal. Barnehagen i Flatdal har til no bare halde ope fire dagar i veka, men no har foreldre søkt om å få utvida tilbodet til også å gjelde torsdagar. Det sa formannskapet samrøystes ja til. Etter at statstilskotet er trekt frå vil utvidinga føre til ein årleg meirkostnad for kommunen på 49.000 kroner om barnegruppa omfattar meir enn 12 plassar, 68.000 kroner om talet er mindre enn 12. Det er ein føresetnad for utvidinga at det til ei kvar tid er åtte barn som nyttar femdagarstilbodet med heildagsplassar.
Søkte om fire, fekk fem
Foreldre i Åmotsdal søkte om å få utvida barnehagetilbodet frå tri til fire dagar i veka. Men går det som kommunalsjef Oddvar Hallaråker og formannskapet vil, får dei minste åmotsdølane tilbod om å vera i barnehagen fem dagar i veka.
Eit tilhøve som er ugunstig for eit eventuelt firedagarstilbod, er at statstilskotet for dette tilbodet er svært lågt i høve til dei andre tilboda, skriv Hallaråker i saksutgreiinga.
Barnehagen i Åmotsdal har i dag 12 plassar, men det er trong for fleire, skal ein tru foreldre som har undersøkt saka. Dei har kome til at det vil bli 14 barn som søkjer plass frå hausten. Av desse er 9 under 3 år, og tel då for to plassar i barnehagen. Hittil har barnehagen i Åmotsdal fylgd skuleruta, ei ordning som skapar problem for foreldre i arbeid. Etter framlegget frå formannskapet blir opningstida endra til å fylgje barnehageåret, og det blir også opna for at barnehagen kan nytte inntil 18 plassar. I fylgje saksutgreiinga vil ei utviding til 17 plassar føre til 17.000 kroner i året i meirutgift for kommunen. Er talet på plassar lågare, blir det dyrare for kommunen. Eit tilbod med 11 plassar vil koste kommunen 26.000 kroner ekstra i året.
Artikkelen held fram under annonsen.
Føresetnaden for utvidinga er at det til ei kvar tid er åtte barn som nyttar femdagarstilbodet med heildagsplassar.
Saka om utviding av barnehagane i Flatdal og Åmotsdal skal avgjerast av kommunestyret i midten av februar.