Til rådmann og politikere i Seljord - om Flatdal oppvekstsenter og forslag om nedlegging
Ifølge Seljord kommune sin samfunnsplan er visjonen til Seljord å vera det gode vertskap, og det startar så fint med eigen innstilling, altså kommunen sin innstilling. Det skildrast med nærmast eventyrstemning eit ønske om å vera ein stad der unge og eldre ønsker og busette seg, der det er mogleg å få ein spanande jobb, der fleire ønsker å etablere næring og utvikle nye arbeidsplassar. Grendene er levande og berekraftige, og ein møter utfordringar med pågangsmot og ei tru på framtida.
Det er ikkje mykje pågangsmot og tru på framtida i rådmannen sitt forslag om å legge ned Flatdal oppvekstsenter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Forslaget går ut på å flytte ned 5. - 7. kl trinn i 2023. Det skal visstnok gje ei innsparing for kommunen på 900 000 i 2023 og 2 150 000 i 2024. Vidare er forslaget å flytte 1. - 4. kl til sentrum i 2025/26 og imellomtida (2023–25) er ønsket å samle elevar og tilsette i samfunnshuset, for å redusere utgifter til investeringar i skulebygg. For der er det gode klasserom og arbeidsrom for lærarane? Ingen behov for oppgradering? Ein skulle tru at dersom ikkje skulebygget er godkjent så er ikkje samfunnshuset det heller. Men ein reknar vel med at ein får dispensasjon der og, når det kun er snakk om to år.
Det er forståeleg at ein kastar ut mange tankar når det ser ut til å vera hol i lommeboka, men nedlegging vil ikkje bidra til levande og berekraftige bygder, det vil heller truleg ha negativ verknad på folketalet i Seljord kommune.
Ingen forventar stor auke i fødselstal eller tilflytting, men i rådmannen sitt forslag blir det poengtert at kommunen må ta vare på dei innbyggjarane ein har, og legge til rette for at fleire kan flytte hit.
Nedlegging i Flatdal er jammen ein rar måte å gjere det på.
Det står i rådmannens forslag at det å oppretthalde ein desentralisert skulestruktur har vore ein viktig politisk ambisjon. Det håpar eg politikarane står fast ved, spesielt senterpartiet fekk mange stemmer i øvre del av kommunen, og har bruka fine ord om å ruste opp og ikkje legge ned i Flatdal.
Om eg forstår tabellen om elevtalsutvikling, så vil elevtalet i Flatdal gå ned frå 74 i dag, til 57 i 2026/27 og så blir det spådd at elevtalet har gått ned til 39 to år etter. Tilsvarande tal for Seljord er 167 i dag, 105 i 2026/27 og 102 to år etter.
Eg forstår ikkje heilt korleis ein kan kome fram til at Flatdal sit med 20 barn mindre i 2029/30 enn i 2026/26 og Seljord kun 3 elever mindre. Seljord har i mange år hatt busetting av flyktningar, og så langt eg veit blir dei busett i Seljord sentrum. Det er med på å gje Seljord sentrum ein kunstig tilførsel av born. Eg ser ingen årsak til at ikkje busetting også kan skje i Flatdal. Uansett tenker eg at det er viktig at nedlegging skjer fyrst når ein ser at det ikkje fungerer for ungane. Og at talet på elevar aleine ikkje kan sei noko om ungane har eit godt skulemiljø eller ikkje. Eg har tre born som trivest godt ved Flatdal oppvekstsenter, dei er trygge på dei vaksne, og har venner å leike med. Kommunestyret bør oppretthalde oppvekstsenteret så lenge borna har eit godt oppvekstmiljø.
Eg reknar forresten med at prosjekt som «Bygdetråkk» i sentrum og turvegbru over Vallaråi frå Eventyrøy ikkje blir noko av i og med at ein meiner vi ikkje har råd til skule i Flatdal. Og bortsett frå det så oppmuntrar eg alle innbyggjarar til å handle lokalt, slik at me gjer vår del for å oppretthalde arbeidsplassane i lokalmiljøet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elisabeth Nordgarden, Åmotsdal