Rovdyra hindrar utnytting av utmarka
I Vest-Telemark har me potensial for auka matproduksjon. Det er småfehald sau og geit som er mest aktuelt, men rovdyra hindrar utnytting av utmarksareala, påpeikte Tone Edland på årsmøtet til Telemark Bondelag.
Med klar adresse til politisk rådgjevar Hildegunn Gjengedal i Landbruks- og matdepartementet og Terje Lien Aasland (Ap), leiar i Stortinget næringskomite, bad Tone Edland om at forvaltinga av rovdyra får ein sentral plass i den komande stortingsmeldinga om landbrukspolitikken.
Ei slik presisering er avgjerande for at me i Vest-Telemark også i framtida skal kunne produsere mat i utmarka, meinte Tone Edland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Noko svar på oppmodinga si fekk ikkje vinbyggjen frå dei to politikarane. som var tilstades på fylkesbondelagets årsmøte.
Det at leiande politikarar ikkje vågar å drøfte rovviltpolitikken er i røynda berre ei stadfesting av at dette er ei så heit potet internt i regjeringa at ingen vil ta i han. Avstanden i synet på forvaltinga av gaupa, som er hovudproblemet for beitedyra i Vest-Telemark, er ein verkebyll for regjeringa som dei ikkje vågar å få opp på bordet, seier Tone Edland.
Ho merkte seg at politisk rådgjevar Hildegunn Gjengedal tok til orde for ein landbrukspolitikk som gjer at matproduksjonen kan aukast med 20 prosent i høve til dagens nivå. Gjengedal ivra for at denne auken i stor grad skjer innan den grasbaserte husdyrproduksjonen.
Det er ikkje tvil om at grasbasert produksjon gjev størst legitimitet for norsk landbruk som er avhengig av støtte frå befolkninga for milliardoverføringane frå statsbudsjettet, understreka Gjengedal.
Rovdyrforliket
Terje Lien Aasland karakteriserte rovdyrpolitikken som ei opplagt utfordring. Han synte til at det i Soria Moria II-erklæringa er opna for ei gjennomgang av det såkalla rovdyrforliket.
Eg kan ikkje forskotere kva ein slik gjennomgang konkluderer med, men me kan ikkje ha ein rovdyrpolitikk som fortrenger husdyra frå beiteområda. Det eg veit er at dette kjem til å verte ein hard kamp. Direktoratet for naturforvalting (DN) blandar seg til dei grader inn i politiske spørsmål anten det gjeld rovdyrforvaltng eller motorisert ferdsel i utmark. Eg meiner det hadde vore av det gode om DN hadde halde seg til oppgåva si som fagleg etat, og ikkje vore aktiv deltakar på den politiske arenaen, sa Terje Lien Aasland.
Opprørt over DN
Lien Aasland var opprørt over at DN arrogant set til sides lokal kunnskap kring rovdyrforvaltinga. Han meinte ein ikkje kunne akseptere at DN totalt og diktatorisk parkerer dei regionale rovviltnemndene.
Det må ikkje herske tvil om at rovdyra må takast ut i beiteområde der til dømes gaupa skaper store problem for husdyrnæringa, hevda Terje Lien Aasland.
Artikkelen held fram under annonsen.
I fylgje 2. nestleiar Brita Skallerud i Noregs Bondelag er dei heilt oppgjeven av dagens rovviltpolitikk. Ho såg det som ei kjempeutfordring å få DN til å skjøne at oppgåva deira ikkje er å drive politikk.
Eg vonar regjeringa no fylgjer opp før enda fleire småfehaldarar gjev opp fordi dei ikkje orker at dyra endar som gaupemat, sa Brita Skallerud.