Christian på 98 år fornyar passet sitt
Tysdag reiste Christian Albrechtson til Seljord for å fornye passet sitt. Ikkje noko rart i det. Nei vel, men tøft gjort når ein er vel 98 år gamal! Christian har lita von om å leggje ut på reisefot att, dårleg helse får ta skulda for det. Viljen er der i alle fall. – Eg lengtar veldig tilbake til Amerika, seier Christian, og vert drøymande i blikket. Han er nemleg amerikansk statsborgar. (…) – Dei 57 åra eg budde i Amerika var fine år, og eg skulle ynskje av heile mitt hjarta at eg kunne reise over att. Eg er frå garden Skogsmark i Brunkeberg, men reiste «over there» alt i 1911. Eg var bygningsarbeidar og reparera og instalera maskiner. (…) Eg fekk aldri tid til å finne meg kjerring, men har mange snåle jentur rundt meg her på Kviteseid Trygde og sjukeheim, ler Christian.