Treng mange lærlingplassar
Dei mange søkjarane til Vest-Telemark vidaregåande skule gjev utfordringar både til skulen og kommunane.
Byggfag er ikkje del av utdanningstilbodet ved Vest-Telemark vidaregåande skule (VTVG) sine avdelingar i Seljord og på Dalen. Men utifrå ynske om utplasseringar, ser skulen at det er lite etterspurnad etter tilbodet.
– Det er slik at elevar som går siste åra i ungdomsskulen får tilbod om å sjå seg rundt på dei forskjellige vidaregåande skulane i fylket. Sist var det berreein elev som ynskte seg til ein skule med byggfag. Dette seier noko om kor vanskeleg næringa har det, forklarer studieleiar Lars Torstein Momrak, som legg til at dei aller fleste elevane er lojale mot dei lokale utdanningstilboda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange tek helsefagutdanning
Studieleiaren var tilstades på Vest-Telemarktinget tidlegare denne månaden, og informerte politikarane om elevsituasjonen og dei utfordringane det gjev.
Søkjartalet til VTVG har vore umåteleg god dei seinare åra, og det gjev skulen nokre utfordringar. Særleg er det helse- og omsorgsfaget som har mange søkjarar det komande skuleåret.
– Det er no 24 søkjarar mot åtte førre år. Det er ei tredobling, og det betyr at me treng fleire praksis- og lærlingplassar for å kunne seie ja til alle søkjarane, seier Momrak.
Utfordra politikarane
Med tanke på eldrebylgja som vil råke Vest-Telemark dei komande åra, er Momrak glad for at så mange vil utdanne seg innan helsefaget. Og han er fornøgd med kommunanes innsats for å gje lærlingplassar.
– Men samstundes betyr aukande søkjartal også aukande behov for lærlingplassar. Spørsmålet er om kommunane tør å seie ja til at me tek inn dei 24 elevane, seier han.
Interkommunal semje
Kviteseid-ordførar Torstein Tveito (Sp) var oppteken av å stø skulen med plassar.
– Dersom me ikkje klarer å skaffe lærlingplassar kan skulen misse utdanningstilbodet. Det betyr at elevane må ut av regionen, og det ynskjer me ikkje. Me må gjere det me kan også interkommunalt for å få dette til, sa Tveito.
– Det er store behov for lærlingplassar og det er stort behov for slik arbeidskraft dei komande åra. Me vil gjere det me kan for å samarbeide på tvers av kommunegrensene for å løyse behovet skulen har, slo Tokke-ordførar Hilde Alice vågslid (Ap) fast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Momrak sa at det er viktig å hugse på at dette er unge folk som kan bli verande i heimkommunane.
– Klarer me å skaffe dei lærlingplassar i Vest-Telemark, er det store sjansar for at dei blir verande. Tek me elevane inn utan å ha lærlingplassar er det etter mitt syn det same som å lure elevane, sa han.
– De ligg i forkant, og det er veldig bra. Spelar me på lag alle saman går dette bra, avslutta Anne-Nora Oma Dahle (Sp) frå Nissedal.