Endeleg får Edland badeplass
Dugnadskrefter i Edland er snart i gang med å gjera elvebreidda ved Sundflaten om frå parkeringsplass til ein fin badeplass fylt med liv og røre.
Det er ikkje heilt rette årstida for å snakke om bading og strandliv, men det gjer ikkje noko. For i hovudet til Gyri Midtveit er det sommar og sol når ho tenkjer på korleis elvebreidda ved IL Rein-klubbhuset vil sjå ut frå neste sommar.
Draumen om ein koseleg og tilgjengeleg badeplass i Edland har levd blant innbyggjarane der i mange år. Det er lenge sidan dei har hatt noko slikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
No er fyrste etappe på vegen dit godt i gang. Med 75 000 kroner i badeplasstilskot frå Vinje kommune har dei råd til graving, sand og til å byggje ein molo. Den må til for å verne sandstranda mot å bli vaska bort i tider med flaum og stor straum.
– Det er jo eit regulert vassdrag og svært ujamn vassføring på grunn av det, seier Midtveit.
Ein møteplass heile året
Den planlagde badeplassen ligg i tilknyting til klubbhuset, ljosløypa og andre turområde, slalåmog skileikanlegg.
– Dette blir eit kjærkome supplement til eksisterande tar i området, seier Midtveit.
Ho ynskjer å utvikle området til å bli ein naturleg møtestad med tilrettelegging av grillplass, gapahuk, benkar og bord.
– Slik at folk kan legge sundagsturen eller ettermiddagsturen til Sundflaten, kombinert med tur, bading og leik, seier Midtveit.
– Når me får til det har me ein fin og uformell møteplass heile barmarksesongen, legg ho til.
Ho har på vegne av idrettslaget også søkt om spelemidlar til utvikling av området, i tillegg til å ha søkt om midlar frå forskjellige fond. Førebels ventar ho på svar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Håpar bygda trør til
Sjølv om mykje av arbeidet som skal gjerast er maskinarbeid, trengst også mykje dugnadsarbeid. Det er prosjektet heilt avhengig av.
– Me har rusta opp klubbhuset i haust, og folk har vore flinke og stilt opp, seier Midtveit.
Til våren håpar ho heile bygda vil ta i eit tak for den nye badeplassen.
– Sjølv om det er IL Rein som har søkt om pengane, er dette eit tiltak alle folk, lag og foreiningar vil dra nytte av – gamle som unge. Så me håpar alle har lyst til å bidra, seier Midtveit.
– Når kan me koma til Edland for å bade, då?
– Tja. Juli, kanskje? Det må me ta sikte på, smiler Midtveit.