Eit annleis lydbilde
Ruth Wilhelmine Meyer og musikarane hennar vitja kulturhuset i Tokke. Dei frammøtte fekk oppleve ein annleis konsert. Urmenneskets røyst og redsla for kva som skjer med jordkloden var noko av bakgteppet.
– Du har eit stemmespekter utanom det vanlege, korleis klarer du å lage alle desse lydane frå det lægste til den høgste?
– Eg klarer i underkant av sju oktavar, så det er eit visst spenn, smiler Meyer etter at konserten er over.
Artikkelen held fram under annonsen.
Før konserten møter me Liv Lofthus i foajeen. Ho har kjent Meyer heilt sidan ho underviste henne i skulen. Meyer budde i Vinje i elleve år frå ho var fem år gamal.
– Kva kan me vente oss i kveld, og korleis er Meyer?
– Eg har møtt ho mange gonger etter at ho flytta frå Vinje. Ho har vore instruktør i Vinje songlag fleire gonger, og ho er dyktig. På skulen minnest eg ho som ei sprudlande jente som var med å skape god stemning. I kveld får me nok høyre at ho brukar stemma si for å skape det lydbildet ho ynskjer å formidle. Ruth er eit skikkeleg levande menneske som eg set stor pris på, sa Lofthus.
Meyer hadde med seg dyktige musikarar på konserten. Lars Andreas Haug, Trygve Seim og Per Odvar Johansen er alle svært anerkjente.
Jordkloden
Det siste prosjektet til Meyer heiter Klangbiotopar, og bakteppet til Meyer er naturen og det som skjer rundt oss.
– Kva gjer me med jordkloden vår? Blir biene borte?, undrar Meyer.
Ho gav publikum stikkord undervegs, og så var det opp til den enkelte å bruke fantasien sin. Ein konsert utan spesifikke ord og tekst er ikkje kvardags.
– Ved å nytte ord får me luker mellom orda. Klangen derimot er samanhengande og rommeleg. Eg prøvar å forme klangen og på den måte fortelje ei anna side av historia. Eg fortel noko, og så må publikum bruke fantasien sin – dei blir medskaparar og me er avhengige av kvarandre, seier Meyer.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein kan tenkje at fleire av lydane er røysta til urmenneske, er det rett?
– Absolutt. Stemma er grunnleggjande og menneskets klang er menneskets klangpalettar. Det er lydar som kan fortelje om erfart liv. Eg står på skuldrane til dei etablerte lydane og brukar menneskets klangvokabular. Det er mykje å ta av i forhold til dei ulike historiene. Eg har ei grunnredsle for kva som er i ferd med å skje med jordkloden og kva me må gjere. Hjernen fattar det ikkje, men ein kan oppleve det gjennom kunst og musikk. I alle tider har mennesket spela på lag med naturen og hausta av han med måte. No er det ubalanse, me tek ikkje vare på kloden, seier ho.
Vinje er «heime»
Meyer fortel at dette er fyrste konserten i Vest-Telemark, og at det var ei stor glede å vere tilbake på kjente trakter.
– Vest-Telemark og Vinje er framleis «heime» for meg. Dei elleve åra eg budde i Vinje var dei viktigaste åra i livet mitt. Eg har teke med meg mykje, ikkje minst kulturen i form av treskjering, musikk, rosemåling, og naturen, forklarer Meyer.
Ho reiser mykje i både inn- og utland med musikken og prosjekta sine. No står Polen, Finland og Bashkiri i Russland for tur.
– Det blir mykje reising, men eg trivst godt med dette. I juni skal eg til Tokyo med ei førestilling. Eg er heldig som får halde på med musikk, avsluttar ho.
– Dette blei slik eg trudde. Det er lyd det handlar om, og det må vere godt å sleppe tekstar slik at ein kan leve i lyden. Så veit me også at det er ei historie bak lydane. Dette var eit eventyr, sa Liv Lofthus etter konserten.