300 tonn røye i året
Mange tusen røyer klekte ut på industriområdet i Fyresdal, skal i desember i merdar i Fyresvatn. Bygda får no det einaste heilårsdrivne oppdrettsanlegget i Innlands-Noreg, etter velvilje frå investorar i Telemark.
Telemarkrøye AS, der Aketun Fisk og Fyresdal kommune er blant medeigarane, fekk i 2011 løyve til å drive med oppdrett av røyer i merdar i Fyresvatn. Sidan har det blitt brukt mykje tid på å få tak i pengar til den utradisjonelle satsinga på det einaste heilårs oppdrettsanlegget i Innlands-Noreg.
I seinare tid har alle midlane kome på plass. Rundt ti millionar kroner vil gå til fysiske investeringar som klekkeri, innandørs kar der fisken ei tid blir mata opp, merdar i Fyresvatn og fiskeslakteri på industriområdet i Fyresdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg er det også driftskapital på plass, utan at VTB kjenner den summen.
Fyresdal kommune har vore eineståande, og ordførar Erik Skjervagen har jobba veldig saman med oss for å få dette oppe og gå. No blir ein draum oppfylt, det er nesten så eg må klype meg i armen. Dette blir gøy, seier Jonny Aketun om den nye fiskeverksemda.
Seks årsverk
Han og kona Ingebjørg i Aketun Fisk skal ha høvevis 100 og 60 prosent stilling i Telemarksrøye AS. Ein annan fyresdøl skal snart få tilbod om full stilling, og endå ein person kjem inn på vårparten. Mads Dorenfeldt Jenssen frå Lunde jobbar i Teknologisk institutt i Oslo, og er leigd ut derfrå for å arbeide i halv stilling som dagleg leiar i den nye verksemda i Fyresdal.
Mads er ein kjempekapasitet, seier Jonny.
Ved full produksjon på heilårsbasis er det snakk om seks årsverk i Telemarkrøye AS. I tillegg må nok Aketun Fisk tilsette ein person.
Kvar morgon må tilsette i Telemarkrøye AS gå gjennom rutinar i klekkeriet på Molandsmoen. Ein måler oksygenet i vatnkara og gjev mat.
Eg sjekkar at fisken har det bra og pratar litt med dei, humrar Jonny.
Frå 2011-generasjonen er det nesten 50.000 røyer i kara. I tillegg kjem 100.000 fisk som er kome etter fjoråret. Snart skal all denne fisken ut i tre merdar i Fyresvatn. Klekkeriet er i full sving med neste generasjon på rundt 100.000 røyer som skal setjast ut i to nye merdar til våren.
Artikkelen held fram under annonsen.
England
Eit fiskeslakteri skal vere på plass i bygget på Molandsmoen innan juni 2014. Sidan det ikkje er lov å kappe hovudet av fisken når han er i live, blir løysinga å bedøve han med straum. Slaktemaskina, som kan ta opptil 70 fisk i minuttet, opnar både buken, tek ut innmaten og ordnar alt klart til pakkelinja ventar. Planen er å slakte ein dag i veka heile året, og ein snakkar om fem tonn fisk i veka. Fersk fisk blir lagt i iskasser for levering.
Røya er ei eksklusiv vare som er mogleg å levere til England, og me prøvar å få ferskfiskavtaler i Noreg. Der er det ein grossist som kan ta røyene, seier Jonny.
Han ser føre seg auka produksjon av røye i fylket.
Det er mange regulerte innsjøar i Telemark, og her ligg det eit stort potensial for oppdrettsanlegg, seier Jonny.
Ser lovande ut
Dagleg leiar Mads Dorenfeldt Jenssen i Telemarkrøye AS synest det er veldig moro at nesten alle investorane i Fyresdal-verksemda er frå Telemark. Han har i ein del år hatt interesse for oppdrettsanlegg.
Røyeprosjektet i Fyresdal er spennande og gjevande, og har med entusiastiske folk. Dette ser utruleg lovande ut, og anlegget i Fyresvatn får gunstigare kostnader enn dei landbaserte som er i Noreg, for slike er veldig dyre å drive, seier Jenssen.
Han rosar jobben til Faun og støtta frå Fyresdal kommune. Snart avgjer Innovasjon Noreg kva dei vil bidra med.
Aksjonærane i Telemarkrøye AS er Jonny og Ingebjørg Aketun, City Vest AS, Arve Bakken AS, MP Pensjon PK, Fyresdal kommune og Mads Dorenfeldt Jenssen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marknad og arbeidsplassar
Fyresdalordførar Erik Skjervagen fortel at kommunen har bidrege med 800.000 kroner i den totale eigenkapitalen på seks millionar kroner i Telemarkrøye AS. Tilskot og lån ligg ikkje inne i denne summen.
Me hadde aldri klart å få til dette sjølve, seier han, glad for hjelpa som blei gjeve utanfor Fyresdal i samband med etablering av selskapet.
Ordføraren har ambisjonar om at Telemarkrøye AS skal vekse til langt fleire enn dei seks årsverka som vil vere på plass om ei tid.
Dette kan bli nye «Telemark kildevann», seier han og tenkjer på fabrikken i Fyresdal med rundt 40 tilsette.
Skjervagen håpar på fleire konsesjonar for oppdrettsanlegg i Fyresvatn og andre vatn i Telemark.
Vidare har eg tru på å lage kortreiste og økologiske røyeprodukt frå Fyresdal. Det må det vere ein kjempemarknad for, og det betyr arbeidsplassar, seier ordføraren.
Idé i elleve år
I 1999 kasta Ingebjørg og Jonny Aketun i Fyresdal ut sauene for å satse på storruser i Fyresvatn og foredling av den lokale råvara i ombygd fjøs. Tre år seinare såg verksemda Aketun Fisk nærare på å byrje med oppdrett av røye i tankar på land, men fann løysinga for dyr.
Nokre år seinare såg verksemda på ei løysing om å få meir eigen fisk, i staden for å kjøpe all regnbogeauren som måtte til for å få ein jamn produksjon heile året. Jonny reiste til Sverige for å sjå på oppdrettsanlegg av røye i innsjøar, og møtte også den svenske landbruksministeren for å høyre meir om røyeproduksjonen, som det er 4000 tonn årleg av.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etterpå blei det nokre skjer i sjøen med tanke på å få etablert liknande anlegg i Noreg og Fyresdal. I reglane stod det at ein ikkje bør gje konsesjon for slike anlegg, og akkurat ordet bør tente Jonny, for det er jo ikkje eit bastant nei. Han fekk hjelp av Faun naturforvaltning i Fyresdal til å lage ein søknad og det blei skaffa dokumentasjon i saka. Jonny storrosar jobben til Faun.
Tilsette i Telemark fylkeskommune, fylkespolitikarar og politikarar i Fyresdal blei med Jonny på studietur til oppdrettsanlegg i Nord-Sverige.
Etter det fekk saka vatn på mølla. Bare fire månader seinare, i 2011, kom konsesjonen.
Klekkeri og merdar
For å oppdrette inntil 300 tonn røye årleg krev anlegget eit areal på 5.000 kvadratmeter. Anlegget blir plassert mellom Nesland og Vestkanten. Stamfisk blir henta frå same vatnet ved hjelp av ruser. Etter å ha tappa rogn blir mjølke frå hannen lagt på. Befrukta rogn blir lagt i eige klekkeri i kommunalt bygg på Molandsmoen. Etter ei tid kjem fisken ut i oppdrettsanlegget og blir fôra i merdane i opptil to år før det er klart for slakting når vekta er mellom 600 gram og ein kilo.
Merdane er ti meter djupe, har plastringar på toppen, der det er festa eit sylindernett. Røya i desse posane får fôr frå automat som veit mengda som må til i forholdet til talet på fisk. Gjødsla frå røya er næringssalt, eit produkt som det er underskot på i alle regulerte vatn i Telemark, i fylgje Jonny Aketun.
Aketun Fisk har i fleire år drive næringsfiske med storruser og garn i Fyresvatn, og tek årleg opp sjuåtte tonn fisk. Undersøkingane viser særleg positive utslag for røye, som no er blitt mykje vanlegare i fangsten. Men også sik og aure har fått betre kvalitet, erfarer Jonny Aketun.