Fiskaren og vatnet
Knut Nordskog har vore ein lidenskapeleg fiskar heilt frå barndomen av. Det har ført til eit brennande engasjement for Morgedalsåi.
Knut Nordskog, på 70 år, er fødd og oppvaksen i Morgedal tett innmed åi. Han fekk tidleg i barneåra interessa for friluftsliv. Han var mykje ute å fiska som gutunge, og med elva rett utanfor stogedøra var ikkje vegen lang for å få napp.
Møtet med naturen var møtet med fiskestonga for meg. Då eg var liten var det skule tre dagar i veka, så eg var på skulen og i åi annankvar dag, ler han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Foreldra oppmoda guten til å bruke naturen, og det å vera på orrhaneleik med 26 hanar på spelplassen er eit barndomsminne som sit. Men mange ungdomar i dag veit mest ikkje kva det er, og det er få som hugsar korleis det var for femti år sidan.
¬ Det er mest bare eg som kjem i hug korleis det var her langs åi i Morgedal før reguleringa. I alle fall når det gjeld fiske, for eg kjende kvar lomme her. Dei opplevingane ynskjer eg at komande generasjonar også skal få, seier Nordskog.
Ein engasjert mann
Nordskog har alltid vore engasjert i nærmiljøet rundt seg, og han er med i både eldrerådet og helselaget i Oslo der han bur. Engasjementet for Morgedalsåi har han hatt heile tida.
Morgedalsåi er ein av vassårene i Vest-Telemark som Kviteseid kommune nå har bede om revisjonssak for. Etter femti år skal vassvegen ha eit nærmare ettersyn for å sjå korleis reguleringa av vatnet mellom anna påverkar miljøet.
I den samanheng inviterte Nordskog inn sentrale personar i arbeidet framover til ei orientering om stoa i Morgedal. Ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito, Helge Kiland frå Faun naturforvaltning, prosjektleiar for Midtre-Telemark vassområde, Anita Kirkevold og assistenten hennar Kjell Christoffer Kirkevold saman med VTB fekk vera med på ei omvisning langs åi torsdag 4. juli.
Gjennom dagen fekk gruppa sjå bilete av åi før og no, samt ein guida tur rundt til tersklar og bekkefar i Morgedal.
Attgroing og tersklar
Morgedalsåi har vore sterkt plaga med attgroing. Eit problem Nordskog meiner det må setjast inn tiltak for å løyse. For ti år sidan fekk Nordskog løyve til å gjera utbetringar av elveleiiet ved huset hans og oppover mot brua inn til bygda. Ved hjelp av gravemaskin og eit par veker fekk han opna opp åi.
¬¬ Midtområdet var eit pilotprosjekt for å vise korleis ein kan gjera noko. Eg ville visa at ein kunne gjera utbetrande tiltak i åi på ein enkel og effektiv måte, forklarar han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tiltaket opna åi mykje og vatnet kunne renne fritt med djupare kulpar og naturlege tersklar som er meint å skape sirkulasjon i vatnet. Men etter ti år er attgroinga nok ein gong på veg tilbake.
Det er for lita vassføring her i åi. Måleterskelen for åi er lagt langt ned i vassdraget, og den får med seg låglandsvatnet. Måleterskelen blei òg senka med 30 centimeter utan endringar av tersklar elles. Kraftverket lovar eit minsteutslepp men brukar grunneigaranes vatn til eiga utrekning. Når ein målar så langt nede vil ein få med vatnet frå alle andre grunneigarar òg. Vatn som ikkje er regulert. Så fort det regnar så slepper dei ikkje vatn. Kraftverket treng mest ikkje sleppe vatn for å fylle minstekravet. Men det er som å stikke sugerøret i naboens brønn og selja vatnet. Det er til skade for Morgedalsåi, seier Nordskog.
Samlar dokumentasjon
Nordskog har samla dokumentasjon og bilete frå Morgedalsåi frå fleire tiår, både før reguleringa og etter. Endringane i landskapet er store sidan han var gutunge. Difor fylgjer han nøye med i revisjonsarbeidet og kva for tiltak som eventuelt blir gjort.
Det viktigaste framover er at det blir liv laga for fisk og fiske med surstoff og gotteplassar i åi, seie Nordskog.