Vesttelen

Arne Roar Rygh er ikkje redd for å prøve.

Namn: Arne Roar Rygh

Alder: 56

Artikkelen held fram under annonsen.

Bur: Treungen

Kva gjer du: Driv sportsbutikk

Kva veit du om etternamnet ditt?

Det er opphavleg frå Lyngseidet i Nord-Noreg.

Har du vore i avisa før?

Ja, spesielt i samband med fotball.

Er du glad i dag – kvifor/kvifor ikkje?

I dag er det bare skitvêr … Men normalt er eg glad, og eg har hatt mange triveleg besøk innom i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er det ei hending som representerer eit vendepunkt i livet ditt?       

Då eg starta sportsbutikk i vår. Det er noko eg har drøymd om lenge.

Kva lengtar du heimatt til «etter fem år i Amerika»?

Stilla, naturen og at ein kan drive med så mange fine ting i Nissedal kommune.

Korleis ser du på heimbygda di ?

Det skjer veldig mykje positivt med satsing på turisme og aktivitetar i bygda. Det seier folk i nabokommunen Drangedal også om bygda vår.

Har du eit godt sitat eller livsmotto du vil dele?

Alt går an – ikkje ver redd for å prøve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har du nokon spesielle interesser eller hobbyar?

Fiske og sport.

Korleis er den typiske vesttelen?

Traust, glad og snakkeviljug på ein positiv måte.

Kva vil draumeoverskrifta i Vest-Telemark blad vere i dine augo?

Nissedals befolkning aukar med 100 i år.

Geir Ufs