E134, Plassane. Avdelingsdirektør Kjell Solheim Telemark vegvesen og ordførar Arne Vinje
E134, Plassane. Avdelingsdirektør Kjell Solheim Telemark vegvesen og ordførar Arne Vinje

Problemstrekningar på veg ut

I tillegg til at det ligg klar 335 millionar kroner for utbetringar på E134 frå Seljord til Åmot, kjem det også midlar til trafikktryggleik på den trafikkerte vegen.

På eit møte mellom Vegvesenet og Vinje kommune nyleg tok dei opp eit gledeleg tema. Regjeringa har sagt nei til å bruke bompengar for å finansiere opprusting av fire parsellar på E134 frå Seljord til Åmot. I staden har det kome 335 millionar kroner som løyving i statsbudsjettet.

– Dei 335 millionane kan me bruke så fort me klarer det. Parsellane som blir bygd om er der dei største køyretøya har problem om vinteren, seier avdelingsdirektør Kjell Solheim i Telemark vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plassane, ei tre–fire kilometer lang strekning aust for Åmot sentrum, kjem ut på anbod tidleg neste år. Arbeidet startar til våren.

– Me har også ein del trafikktryggleiksmidlar i tillegg å bruke på strekninga Seljord –Åmot, legg han til.

Etterlengta

Dei tre andre parsellane som står for tur er Ruibakkane mellom Mostøyl og Å, Libergbakkane like nordvest for Morgedal sentrum og Ramskeidbakkane i Seljord, på grensa til Kviteseid. Vinjeordførar Arne Vinje er veldig fornøgd med at det er pengar på plass til vegutbetringane.

Libergbakkane ved Morgedal er eit lastebilproblem på veg ut.
Libergbakkane ved Morgedal er eit lastebilproblem på veg ut.
Ramskeidbakkane på grensa mellom Seljord og Kviteseid blir snart gjort noko med.
Ramskeidbakkane på grensa mellom Seljord og Kviteseid blir snart gjort noko med.

– Dette er noko me har jobba med og sett fram til i mange år, ikkje minst strekninga Plassane, seier han.

Solheim reknar med at dei fire strekningane står ferdig utbetra i 2017 eller 2018.

Må prioritere Vinjevatn

Både Vegvesen-direktør Kjell Solheim og ordførar Arne Vinje er samde om at den vanskelege strekninga vestover frå Åmot må bli prioritert.

På E134 frå Åmot til Vinjesvingen er store utfordringar, særleg vinterstid, og løysinga kan bli å leggje europavegen på vestsida av Vinjevatn. Vinje kommune har sjølv kosta fyrste delen av reguleringsplanen for den nye vegen. Om det då kjem ei framtidsretta løysing med å leggje europavegen utanfor Åmot sentrum, får tida vise.

– Me hjelper til slik at prosjektet Åmot til Vinjesvingen får meir fart og prioritet, seier Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Solheim fortel at Vegvesenet har full semje med Vinje kommune om å gjere noko med vegen frå Åmot til Vinjesvingen.

– Strekninga skil seg ut med dårleg standard og vinterframkome, og ho må liggje langt framme på prioriteringslista, seier avdelingsdirektøren.

For å kome seg vidare med dette vegprosjektet er det viktig å vite kva veg aust–vest samferdselsministeren vel å satse på framover. Avgjerda kan kome før jol, og truleg er det snakk om å velje to fjellovergangar som skal ha prioritet.

Viktigaste vegen

– E134 er ein viktig veg lokalt, regionalt og nasjonalt, og betyr mykje for regionen sør for Hardangervidda. Dette er den viktigaste vegen mellom aust og vest, og rundt tre millionar personar i landet soknar til denne ruta, seier Solheim.

Det blir lagt til at det også er knytt store næringsinteresser til E134.

– Med den funksjonen E134 har er det vanskeleg å sjå at vegen ikkje blir valt ut av statsråden, seier Solheim, og får full støtte for det synet av Vinje.

Elles opplyser Solheim at det vil bli laga strategiar for heile E134 i fylket, til dømes Vinjesvingen–Grungebru, men– Notodden og mot Kongsberg.

Eit anna tema på møtet mellom Vinje kommune og Vegvesenet, ei samling ein håpar blir årleg, var fylkesvegen Fiskestigen. Den verste delen av vegen står att å utbetre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må halde oss til rammene frå fylkeskommunen. Eg kan ikkje love pengar til Fiskestigen no, sa Solheim.

– Eg håpar du vil gje fylkeskommunen gode råd, smiler ordføraren til toppen i Vegvesenet i Telemark.