Vurderer å innføre eigedomsskatt
3 000 bustadeigarar og 5 000 hyttefolk i Vinje kan måtta betale eigedomsskatt.
– Eg vurderer å bryte valløftet mitt om å ikkje innføre eigedomsskatt, varslar senterpartiordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven.
Uføreseieleg
Bakgrunnen er at han synest den økonomiske situasjonen til kommunen har blitt uføreseieleg etter at regjeringa gjorde framlegg om å fjerne eigedomsskatten på verk og bruk. For Vinje kommune utgjer bortfall av denne inntekta mellom 4,5 og 5 millionar kroner i året, informerer ordføraren.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Viss me ikkje innfører eigedomsskatt kan det ende med at me må leggje ned ein skule, ei omsorgsavdeling eller kutte i tal stillingar innanfor heimesjukepleia, seier han.
Bryt valløftet sitt
Jon Rikard Kleven gjekk til val på å ikkje innføre eigedomsskatt på hus og hytter, men vurderer no å bryte dette valløftet.
– Regjeringa har brote samfunnskontrakten med kommunane om at dei gjennom hundre år har fått noko att for å stille naturen og arealet sitt til disposisjon for verk og bruk. Det er ein brist i føresetnaden for valløftet mitt, poengterer han.
Viss kommunestyret i Vinje vedtek å innføre eigedomsskatt, må denne aukast gradvis. Ifylgje ordføraren blir skatten på 1 promille av verdien på huset eller hytta. Viss verdien på huset er fastsett til 2 millionar kroner, blir altså eigedomsskatten på 2 000 kroner.
– Så kan skatten aukast gradvis til maksimalt 7 promille av verdien, forklarar Kleven.
Fleire inntektsbortfall
Men det er ikkje berre fjerninga av eigedomsskatt på verk og bruk som uroar vinjeordføraren. Han fortel at regjeringa også vil auke skatten til staten på kraftverk. Dette fører då kraftverka til frådrag før dei skal betale skatt til kommunen. Over ein fireårsperiode vil Vinje kommune tapa 9 millionar kroner på dette, seier Kleven.
– På toppen av dette mistar kommunen fleire millionar kroner på grunn av at kraftprisen har gått ned. Om fire år kan det totale bortfallet av kraftinntekter bli på 25 millionar kroner i året, legg han til om den no meir usikre kommuneøkonomien.
Budsjettet for neste år og økonomiplanen for dei fire neste åra skal handsamast av kommunestyret 14. desember.