Sommarleg kunst og design på tunet
Bobler, jordbær, pianomusikk og solglimt laga flott ramme då dørene til eit galleri med glaskunst, råe steinsmykke og vakker biletkunst opna sundag.
Sundag opna Astrid Søftestad dørene til årets sommarutstilling i Galleri Sølvsmedtunet i Vrådal.
Galleriet som held til i ei tømre i tunet ved sidan av smykkeverkstaden. Butikken til Søftestad rommar denne sommaren ei salsutstilling med arbeid frå to kunstnarar, og alt under opninga var det gjester som sikra seg nye skattar til heimen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Biletkunstnar Gro Mukta Holter (40), vaks opp på Nøtterøy og er busett i Oslo. Men ho har røter i Telemark, med ein far frå Porsgrunn og ei mor frå Kragerø. I barndommen vitja ho galleriets nabo, Straand hotell fleire gonger, og ho synest difor det var svært hyggeleg å få vise fram arbeida sine i Vrådal.
Arbeida hennar er vakre, figurative og fargeglade frihandsteikningar, måleri og grafiske trykk. På utstillinga i Vrådal ser ein både menneske og dyr i motiva der tematikken gjerne strekker seg til draumane.
Årets andre utstillar i galleriet i Vrådal er designaren Kristine Bjaadal (35). Ho vaks opp i Fyresdal, og viser vakre arbeid i glas og smykke med stein frå heimbygda.
Bjaadal viser produkt frå den funksjonelle serien «Hold». Designaren har både nytta glas, tre og lær i arbeidet med krukkene som dei frammøtte sundag fall for. Her var det mange godord om både form og fargeval.
Bjaadal stiller også ut smykke i galleriet. Her har ho nytta stein frå heimbygda, og skapt uslipa øyredobbar og halssmykke med eit rått utsjåande.
Mange gjester møtte fram til opninga, men ingen av kunstnarane hadde høve til å vere i Vrådal sundag.