Jordbær, kål og potet til trengsel i Lårdal

Det er for tida hektisk aktivitet i jordbæråkrane til Kjetil Kleve i Lårdal. Forutan 35 som plukkar for Kleve er det masse sjølvplukkarar. Som tidlegare om åra har Kleve fleire vietnamesarar i arbeid. Dei bur i den gamle trevarefabrikken. Tai og Chanh Le, som me prata med, stortrivst i Lårdal. Dei har no budd i Grimstad i fem år. Pengane dei tener i Lårdal vil dei spare til reisepengar. Dei er nøgde med å få kr 2,10 for korga. Dei vedgår at jordbærplukking er tungt for ryggen, men då er det berre å legge seg rett ut i åkeren.

Bli med til jordbæråkeren i Lårdal