26 000 på Treungenfestivalen
Maria Mena, Gabrielle, Ina Wroldsen og Dr Hook var blant artistane som treivst på scena under Treungenfestivalen. Lokale The Espelids og Rune Sanden hadde tusenvis av publikumarar laurdagskvelden. Ein god del tusen gjester var innom arrangementet.
Rune Sanden har smilet på plass laurdagskvelden etter at han og bandet har avslutta ein konsert med fleire tusen festivalgjester framom scena.
– Eg er fornøgd, seier Sanden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter han var det mellom anna Ina Wroldsen sin tur, og det for andre året på rad på arrangementet. I fjor konkluderte ho med ei fantastisk oppleving ved enden av Nisser, og festivalsjef Jørgen Solberg opplevde showet hennar som det største for han nokon gong. Wroldsen leverte igjen laurdag.
Ved midnattstider sette The Espelids festfolket i ytterlegare humør.
– Det såg ut som tusenar på tusenar med folk. Heilt uverkeleg og rått. Den kjem me til å leve lenge på, seier gitarist Olav Espelid om opplevinga.
– Så mange de er
Fredagen var Vinni på plass på scena alt klokka 15. Folk hadde tydelegevis merka seg konserttidspunktet, og den eine etter den andre strøymde til framom scena. Få timar seinare var Maria Mena klar for å underhalde publikum for fyrste gong i Treungen. Artisten sa at det ikkje er ofte ho avbryt skriving og anna, for å delta på eit arrangement som dette.
– Men her er eg, sa Mena.
– Eg kosar meg så!, utbraut ho etter nokre songar som skapte skikkeleg stemning. Før siste innslag sa Mena at ho gler seg alt til neste gong.
Gabrielle elskar å kome til stader langt inne i landet og borte frå storbyen. Den passa fint ved å ta turen til Treungenfestivalscena.
– Fy f... så mange de er, sa ho til konsertgjestene fredag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Før henne var det tid for Dr. Hook som blei danna heilt tilbake i 1968. Det amerikanske popbandet er kjent for mellom anna «Sylvia´s mother».
– Eg treng dykkar hjelp – eg veit de likar å synge, kom det frå scena, og publikum blei med på «Only sixteen» – ein av festivalens beste allsongar.
Torsdag ettermiddag var mellom anna Lothepus i elden i eit kliss klass regnvêr. Den loddrette vassmengda heldt fram då Odd Nordstoga entra scena framom eit publikum som nok hadde vore langt større om vasstrålane hadde blitt bytta ut med sol.
– Dette er ei ordentleg gladgreie
Då Jørgen Solberg i 2002 snakka om å starte festival i Treungen, sa han til seg sjølv og fleire andre at det er galskap. Kva seier han i dag, etter eit besøkstal på 26 000 og 50 artistar og band på den 15. Treungenfestivalen?
– Nå er galskapen fornuftig. Årets festival blei ein gedigen suksess. Dette er ei ordentleg gladgreie, konkluderer Solberg.
Moro blei det også då festivalgründer like etter midnatt laurdag kom på scena og song «Levva livet» for tusenvis av folk.
– Ein må gje litt blaffen og by på seg sjølv. Eg kan ikkje syngje, men eg kan showe, seier Solberg.
Han har ikkje fått endeleg tal på besøkande dei fire festivaldagane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men det er over 26 000 i alle fall, seier Solberg.
Han syntest festivaldagane blei veldig greie for han sjølv, men fekk det hektisk torsdag i alt regnvêret. Om ettermiddagen dukka det opp ei anna utfordring. Det kom så mange som skulle campe at ein måtte ordne det slik at trafikken ikkje stengte vegane i sentrum. Derfor blei uinnsjekka campinggjester dirigert til fyrst å køyre eit stykke i retning Fjone, for så å snu og styre inn mot campen att.
– Eg har aldri før sett ein slik kø, men det løyste seg etter ein time. Det kom utruleg mykje folk til campingen, seier Linda Solberg, syskenbarnet til festivalsjefen.
Linda har hjelpt med arrangementet sidan det starta, og sit i festivalleiinga.
– Ho er så viktig. Utan Linda hadde eg ikkje kunne hatt festival, seier Jørgen.
Brukar ferien i baren
Ingjerd Åsen frå Treungen flytta ut av bygda i 1992 og bur i Porsgrunn med ektemannen Espen Knudtsøn. Paret har hjelpt til i baren på Treungenfestivalen i ti år.
– Det er gøy å vere her, og moro å hjelpe Jørgen, seier Åsen.
– Med alt det Jørgen har fått til har han sett Treungen på kartet, fylgjer Knudtsøn opp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Paret brukar ferien sin på dei frivillige oppgåvene, vakt i 10–11 timar både fredag og laurdag.
– Ved å vere her får eg mange nye kontaktar i bygda. Me vil fortsetje å hjelpe på festivalen til me ikkje gidd meir, seier Åsen.
– Heilt til me ikkje kjem fram med rullatoren, skøyar ektemannen, før han må springe bort til neste kunde.