Opparbeidde stor festivalcamp på kort tid
På fem dagar blei eit skogterreng gjort om til eit stort og utvida campingområde for Treungenfestivalen.
Førre måndag fekk Jørgen Solberg i Treungenfestivalen klarsignal frå ein grunneigar om å leige eit areal og å opparbeide nytt campingområde vest for ungdomshuset og eit stort lagerbygg. Ei hogstmaskin blei sett inn for å ta seg av 300 kubikkmeter tømmer, og etterpå gjekk tre store gravemaskiner laus på området.
– Nå held eg på å gruse opp vegane i området ved hjelp av traktor. Campingen med plass til 250–300 vogner blei ferdig på éi veke minus denne helga. Det er ganske heavy, seier Solberg over telefon i går føremiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Festivalsjefen seier det er eit stort behov for meir campingområde hovudsakleg på grunn av tryggleiken.
– Innsjekken på det nye opparbeidde området blir ved lageret. Eg veit ikkje kostnaden på opparbeidinga ennå, men det er investering i eit område som varer i all framtid. Nå er me berga med campingareal.
I fjor blei det bygd mange hytter for 2–4 personar, og Solberg har halde fram med satsinga på buplassar for festivalfolk.
– Nå er hyttetalet oppe i 115 og skal bli 120, seier Solberg.
Han fortel at det var 22 000 personar på festivalen i fjor, og reknar med ein auke på 10–15 prosent i år.