Odd Egil Fosse (t.v.) og Nils Ettestad vonar mange tar turen innom Kviteseid bridgeklubb på Sekskanten i Kviteseidbyen laurdag.
Odd Egil Fosse (t.v.) og Nils Ettestad vonar mange tar turen innom Kviteseid bridgeklubb på Sekskanten i Kviteseidbyen laurdag.

– Bli med og spel bridge

Kvar tysdag kjem bridgespelarar saman på Lundevall grendehus i Kviteseid. – Men me vil gjerne ha med fleire, seier Nils Ettestad som laurdag inviterer til bridgeprat på sekskanten i Kviteseidbyen.

Kviteseid bridgeklubb tel 15 medlemmar, og kjem saman kvar tysdagskveld for spel og røur på Lundevall grendehus i Kviteseid.

– Me er så heldige at nokre trufaste spelarar frå Seljord også plar ta turen til oss, så me blir mellom 12 og 18 stykk på bridgekveldane, seier Nils Ettestad frå bridgeklubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyrstkomande laurdag er det Kviteseidmarken, og bridgeklubben ynskjer å vise fram kva dei held på med i håp om at fleire vil bli med på spelkveldane.

– Me vil halde til inne på Sekskanten i Kviteseidbyen, og vonar at mange kjem innom oss for å høyre om bridge, få litt informasjonsmateriell om spelet og ta ein kaffikopp saman med oss frå klubben, seier Ettestad med eit smil.

Liten klubb

Kviteseid bridgeklubb er liten men lovar å ta godt imot nye spelarar.

– Her er det plass til folk i alle aldrar, seier Ettestad.

– Tilbodet klubben har til nybyrjarar er at dei kan spele gratis det fyrste året dei er med i klubben, og alle nye spelarar får ein fadder, som du sjølv kan velje av dei faste spelarane. Fadderen vil hjelpe deg vidare, fortel Ettestad.

Om det er interesse frå fleire om å lære seg kortspelet, kan klubben også starte eit nybyrjarkurs.

– Me er så glade i hobbyen vår at me håpar fleire vil vere med å halde liv i klubben vår, seier Odd Egil Fosse og Nils Ettestad frå Kviteseid bridgeklubb.